PRØVER PÅ NY: Farnes mannskor gir det eit nytt forsøk. Eitt år etter at dei sa stopp vil koret no forsøke å få i gang att mannskormiljøet i bygda.
PRØVER PÅ NY: Farnes mannskor gir det eit nytt forsøk. Eitt år etter at dei sa stopp vil koret no forsøke å få i gang att mannskormiljøet i bygda. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes )

Mannskoret har bestemt seg for å gi det ein ny sjanse

I fleire månader har det vore ingen aktivitet i Farnes mannskor. No vil dei prøve på nytt.

Årdal: Fråfall og dårleg rekruttering gjorde sitt til at mannskoret i Årdal til slutt sa stopp i september i fjor. Tysdag møttest ei handfull røyster på Gamleskulen. Tysdag neste veka startar dei opp att med øvingar eitt år etter.

– Me var rundt 30 røyster, og i dag er me langt under halvparten. No startar me på att og gir det eit forsøk fram til jul før me evaluerer, seier Stein Idar Sem-Johansen. 

Fleire av karane har allereie snakka med gamle medlemmar og håpar mange vil ta turen når mannskoret skal ha øving tysdag neste veka på Gamleskulen.

– Me vil prøva å friska opp repertoaret litt. Det trur eg er nøkkelen for å få med litt yngre folk, seier Sem-Johansen.

Nytt materiale

Dei er sjølve godt klar over at dei ikkje er noko ungdomskor, og dei har heller ikkje forventningar om at 30-åringar vil koma på øving, men håpar uansett at fleire vil ta turen slik at Farnes mannskor kan leva vidare.

– Me har hatt ein del naturleg fråfall i at folk blir gamle eller går vekk. Med nytt materiale håpar eg at me kan lokka fleire ut av godstolen og bli med på øvingar.

– Må bli meir synlege

Målet er å iallfall kome tett opp under 20 medlemmar slik at koret vert mindre sårbart når ein ikkje kan stille. I ei bygd på 5300 personar anslår dei at det går rundt 200 potensielle mannskorsongarar.

– Men me må bli meir synlege. Me går på øving og har det kjekt, og så reiser me på songstemne, syng på 17. mai og ein julekonsert. Elles ser ikkje folk oss. Kanskje me skal stilla oss på trappa føre skulen ein gong i månaden og synga, foreslår Steinar Drægni. 

Og skulle du vera frå Lærdal eller Aurland, eller kor som helst i nærområdet, og kjenne at stemmebandet vibrerer litt no, så er karane klinkande klare på at kven som helst er velkomne. 

Til toppen