STOLTE KARAR: Sivert Mannsverk og Eirik Lereng var involverte i alle kampane då Norge henta heim gullpokalen i prøve-EM.
STOLTE KARAR: Sivert Mannsverk og Eirik Lereng var involverte i alle kampane då Norge henta heim gullpokalen i prøve-EM. (Foto: Privat)

Mannsverk og Lereng jubla for gull i prøve-EM

To årdøler var med å sikra sjeldan medalje for Norge.

Årdal/Nord-Irland: Med årdølene Eirik Lereng og Sivert Mannsverk på laget tok G19-laget til Norge gull i prøve-EM i Nord-Irland.

– Det følest heilt fantastisk. Det viser at Norge er på rett veg når det gjeld å utvikla gode fotballspelarar. Det er ei oppleving eg sikkert kjem til å hugsa resten av livet, seier Sivert Mannsverk.

Auka sjansane for spel i EM-kvaliken

Norge vann 3-0 i første kamp mot vertsnasjonen Nord-Irland. Før helga vart det 2-1 siger mot Tyskland etter eit mål på overtid. Mannsverk og Lereng starta i begge sigrane.

I uavgjortkampen mot Portugal spelte Lereng heile andreomgang, medan Mannsverk kom innpå dei siste åtte minutta.

I mars skal Norge spela kvalifisering til den «ekte» EM-turneringa. Tilliten dei fekk i Nord-Irland vitnar om at dei to årdølene bør ha særs gode sjansar til å konkurrera om ein plass i troppen.

– Eg vil seia både eg og Eirik har klart oss fint. Me klarer å hevda oss med dei som er på same alder. Eg er veldig nøgd, og det trur eg han er óg, seier Mannsverk.

– Klubb er viktigast

Men før dei kan byrja å tenka neste sesong har dei nok av oppgåver så ventar på tampen av denne.

Allereie laurdag er det første kvalikkamp mot Kongsvinger på Gjemselund stadion. Det betyr at duoen ikkje har tid til å suga på karamellen altfor lenge.

– Eg naut sigeren på måndag, no handlar det om å omstilla til ein meget viktig kamp på laurdag. Det er klubb som er viktigast, seier Mannsverk.

Sogndal må vinna tre bortesigrar på rad, pluss over to kampar heime og borte mot nummer fjorten i Eliteserien. Med andre ord er eit opprykk truleg lengre unna no, enn før sesongen, men Mannsverk har likevel trua.

– Me har hatt god form i det siste, og viss me justerer enno eit lite hakk opp, så er det gode sjansar. Kjem me forbi dei tre første hindra så kan alt skje, seier han.

Til toppen