UTVALD: Sivert Mannsverk frå Årdal er ein av tjue norske spelarar som skal til Ungarn for å kjempa om kvalifisering til G17-EM
UTVALD: Sivert Mannsverk frå Årdal er ein av tjue norske spelarar som skal til Ungarn for å kjempa om kvalifisering til G17-EM (Foto: Ole Jørgen Bratland, Statoil / Arkiv)

Mannsverk i troppen til EM-kvalik: – Det er stort

Han har vore småskada i oppkøyringa, likevel får den unge årdølen tillit på landslaget når det gjeld for alvor.

Årdal: Sivert Mannsverk (16) frå Sogndal Fotball er teken ut i troppen til G17-landslaget som skal spela om EM-billett i slutten av mars.

– Det betyr like mykje kvar gong. Det er rett og slett stort, seier Mannsverk.

Han fekk debuten på G17-landslaget i februar, då han kom inn som innbytar mot Romania. Frå før har han spelt to gongar for G15, og to for G16. Alle har vore treningskampar.

– Det skal bli godt å få vera med i kampar der det står noko på spel, seier Mannsverk. 

Grei gruppe

 

Motstandarane er Ungarn, Belgia og Bosnia-Hercegovina, og kampane blir spelte i Ungarn. Gruppevinnaren og sju av dei åtte beste toarane går vidare til EM-sluttspillet i Estland i mai. 

– Det er overkommeleg, seier Mannsverk om motstandarane dei vil møta.

Han peikar ut Belgia som favoritt, men tykkjer óg Ungarn har eit godt kull. Nyleg heldt dei England til straffekonkurranse, men tapte 1-4.

– Det er dei to me vil kniva med. Bosnia er det svakaste laget i gruppa, trur Mannsverk.

To tette samlingar

Han var småskada under landslagssamlinga på La Manga tidleg i februar. Seinare i månaden fekk han ein ny sjanse til å overbevisa då laget var samla på Fagernes.

Til saman har han altså imponert såpass at han er på blokka til trenar Jan Peder Jalland når det skal spelast om EM-plass.

Spørsmålet er om det held til ein plass i førsteellevaren.

– Det blir spennande å sjå om eg får litt speletid. Eg håpar no på det, seier Mannsverk.

 

Her er resten av troppen:

  • Frank Stople - Haugesund
  • Sander Tangvik - Rosenborg
  • Brage Skaret - Vålerenga
  • Nicolas P. Jensen - Stabæk
  • Noah Bech Hermansen - Fredrikstad
  • Sebastian S. Henriksen - Viking
  • Adan Abadala Hussein - Bodø/Glimt
  • Nils Vallotto - Viking
  • Mikkel Tveiten - Lyn
  • Trygve Aarstad - FC København
  • Apipon Tognoy - Lillestrøm
  • Mads Fagerli Halsøy - Bodø/Glimt
  • Fredrik Oppegård - Vålerenga
  • Niklas Haugland Edris - Leeds
  • Herman Geelmuyden - Stabæk
  • David Wolfe - Bergen Nord
  • Elias H. Melkersen - Bodø/Glimt
Til toppen