Årdal: Statens vegvesen melder onsdag at trafikantar på fylkesveg 53 mellom Årdalstangen og Øvre Årdal må rekna med venting.
Som Porten.no skreiv tysdag skal det vera vegarbeid her fram til november.
Onsdag er det manuell dirigering på staden, og Vegvesenet skriv at det kan bli opp mot 30 minutt med venting.
Elles er det lysregulering på strekninga etter som berre eitt køyrefelt er ope for trafikk.