Det kan henda at ein må smøra seg med litt tålmod ved Fodnestunellen på tysdag.
Det kan henda at ein må smøra seg med litt tålmod ved Fodnestunellen på tysdag. (Illustrasjonsfoto: Halvor Farsund Storvik)

Manuell dirigering og stengde vegar i morgon

Enkelte stader i Indre Sogn bør bilistar rekna med å bruka litt ekstra tid for å koma seg frå A til B i morgon.

Indre Sogn: I morgon vil fleire bilistar i Indre Sogn kunne oppleva at det kan går litt tregt i trafikken. Både i Sogndal, Lærdal, Aurland og Luster vil vegar bli stengde i enkelte periodar.

Sogndal kommune

Vegvesenet melder at det på Loftesnes bru i Sogndal vil vera manuell dirigering på grunn av vedlikehaldsarbeid i periodar frå 09.00 til 14.30 og frå 17.00 til 21.00 tysdag.

Lærdal kommune

Det vil vera manuell dirigering ved Fodnestunnelen (mellom Sogndal - Lærdal) på grunn av vedlikeholdsarbeid både tysdag og onsdag frå 07.00 til 16.00. Ein kan også forventa ei ventetid på cirka 20 minutter. Utrykningskøyretøy kan passera og leiebilkøyringa blir forsøkt tilpassa ferjeavgangane, melder Vegvesenet. Det vil også vera manuell dirigering mellom 18.00 og 22.00 tysdag, også då kan vegen bli stengd i periodar opp til 20 minutter.

Aurland kommune

Frå mandag til onsdag kan vegen i Aurlandsdalen (på strekninga mellom Hol - Aurland på Fv53) bli stengd på kvelds- og nattestid i periodar opp til 30 minutter grunna vegarbeid. Stengingane av vegen vil skje mellom 18.00 og 07.00. Utrykningskøyretøy og rutegåande trafikk kan passera. Arbeidet forflyttar seg mellom tunellane frå Aurland til Grimsete.

Luster kommune

Fv 5637 ved Sørheim, på strekninga Urnes-Skjolden, kan bli stengd i inntil tre timar frå mandag til torsdag frå 07.00 til 18.00 i perioden 3. februar til 30. mars. Vegen vil vera stengd frå 09.00 til 12.00, frå 12.30 til 15.30 og frå 15.45 til 17.30. Og den vil vera open for gjennomkøyring frå klokka 08.30 til 09.00, frå 12.00 til 12.30 og frå 15.30 til 15.45.

Sjå fleire trafikkmeldingar hjå Vegvesenet.

Til toppen