STENGT VEG: Slik ser det ut i Flåm etter at eit vogntog sperrar vegen. Foto: Webkamera/Statens vegvesen.
STENGT VEG: Slik ser det ut i Flåm etter at eit vogntog sperrar vegen. Foto: Webkamera/Statens vegvesen.

Manuell dirigering på E16

Eit vogntog sperra vegen i Flåm – så opna E16, for å bli stengt att etter to minuttar. Så vart det manuell dirigering

Flåm: E16 var stengt i Flåm på grunn av eit trafikkuhell, melde vegtrafikksentralen på Twitter torsdag føremiddag. 

Vogntoget sperra vegen mellom Flenjatunnelen og Gudvangatunnelen i Flåm. Klokka 1239 kom meldinga om at vegen var opna att. Klokka 1241 kom meldinga om at E16 igjen var stengt grunna bilberging, denne gongen i Vinjedalen på hordalandssida – mellom Gudvangen og Voss.

Rett før klokka 1330 kom det melding om at det var innført manuell dirigering gjennom Vinjedalen grunna vanskelege køyretilhøve.

Til toppen