MANUELL DIRIGERING: Det blir manuell dirigering på fylkesveg 53 mellom Øvre Årdal og Årdalstangen heilt fram til torsdag 21. januar. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.
MANUELL DIRIGERING: Det blir manuell dirigering på fylkesveg 53 mellom Øvre Årdal og Årdalstangen heilt fram til torsdag 21. januar. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Manuell dirigering på fylkesveg 53

Det skal vere manuell dirigering på vegen mellom Øvre Årdal og Årdalstangen fram til 21. januar.

Årdal: Vegvesenet melder at det skal vere vedlikehaldsarbeid på strekninga mellom dei to tettstadene frå tysdag 07.00 til torsdag 21. januar.

Arbeidet skal foregå frå måndag til torsdag mellom 07.00 og 18.00 desse dagane.

Sett vekk frå dette ser det bra ut på samtlege fjellovergangar tysdag føremiddag. Verken Hemsedalsfjellet, Filefjell eller Tyin-Årdal ser ut til å ha problem med litt vind og snøbyger.

Til toppen