25 år: NORCD feirar 25 år. Det vert grundig feira denne helga når Jazz- og Folkemusikk-Noreg samlast på Sentralen i Oslo for å hylle plateselskapet. Karl Seglem etablerte selskapet i 1991. Foto: Andreas Ulvo.
25 år: NORCD feirar 25 år. Det vert grundig feira denne helga når Jazz- og Folkemusikk-Noreg samlast på Sentralen i Oslo for å hylle plateselskapet. Karl Seglem etablerte selskapet i 1991. Foto: Andreas Ulvo.

Maratonskriving enda i diktsamling nummer tre for Seglem

Karl Seglem frå Årdal skreiv eitt dikt kvar dag i to år. Slikt blir det poesisamling av.

Årdal: Denne våren kjem Karl Seglem til Sogn for å presentera si tredje poesisamling sidan diktdebuten i 2006. Utgjevar er Skald forlag på Leikanger.

– Eg er stolt over å presentera mi tredje poesisamling. Utgangspunktet for Kvervel er at eg skreiv eitt dikt kvar dag i to år, seier Karl Seglem i ei pressemelding.

På turnèen vil Seglem lesa frå samlinga og spela saman med pianist Lars Jakob Rudjord. I Årdal kjem Seglem til å ha ei pratestund med Torunn Todal Laberg, der samtalen vil kretsa om poesi og musikk, om det å koma frå Årdalstangen, og om korleis naturen og kulturen i Årdal har påverka Seglem som utøvande kunstnar.

Seglem er best kjend som jazzmusikar, og ikkje minst for å spela på bukkehorn. Han likar å kalla dikta han skriv for klangpoesi, på grunn av koblinga til musikken og lyd.

– Å forklara meir ved å skriva om det i eit anna språk enn poesien, vil eg ikkje. Les dikta, opplev, og skap meining sjølv. Ikkje vær redd for at all skrift skal «forståast». Og kom og lytt når eg sjølv les dei, og spelar saman med andre, seier Seglem.

Dette er turnèdatoane

  • 19. april på Litteraturhuset i Bergen
  • 29. april på Lindstrøm i Lærdal
  • 30. april på Herman Kafè på Leikanger
  • 2. mai på Skaldegard i Aurland
  • 3. mai i Tya Bakeri & Kafè i Øvre Årdal
Til toppen