REKORD: Årets festival får ei pangopning med Marcus og Martinus. No er nesten alle billettane revne vekk. Foto: Max Emanuelson.
REKORD: Årets festival får ei pangopning med Marcus og Martinus. No er nesten alle billettane revne vekk. Foto: Max Emanuelson.

Marcus og Martinus har sett Målrock-rekord

Det er blitt seld 1.500 billettar til onsdagskonserten der pop-idola Marcus og Martinius skal spele. 

Årdal: – Om ein ikkje har sikra seg billettar enno, kan det vera lurt å handle no, seier Katrine Clausen Fredheim, leiar for Målrock. 

Les også: Desse tenåringsidola kjem til Målrock

– Særs populære 

Tvillingduoen Marcus og Martinius smelta mangt eit pikehjarte og er svært populære hjå den yngre garde. Duoen skal spele onsdag og får dermed æra av å opne årets festival.

– Dei er særs populære. Eg støttar valet om å hyra inn desse to gutane fullt ut. Me hadde ein liten diskusjon om me skulle gjere det, men eg har sett dei live før, i desember, og det var veldig bra, seier Fredheim. 

Dette er første gong Målrock bevisst tilbyr noko direkte tilpassa born og unge. 

– Me hadde ikkje det store grunnlaget for å gjere det før, seier festivalarrangøren. 

Tilbod til born og unge

Marcus og Martinus kjem frå Trofors i Nordland og slo gjennom med låta «To dråper vann» som 10-åringar i 2012. I februar 2015 gav dei ut sitt debutalbum, og om lag samtlege konsertar i 2016 er utselde. To gonger selde dei ut Oslo Spektrum. 

– Det er ikkje planar om å gjere dette kvart år, men at vi legg til rette for tilbod til dei yngre om det er artistar eller opplevingar vi kan tilby som passar inn hjå oss - Marcus & Martinus er jo mål, derfor er det heilt innanfor hjå oss å booke desse til Målrock, seier Fredheim.

Duoen skal spele 10. august på Årdalstangen under årets Målrock. 

– Eg har berre konstatert at folk sett utruleg pris på desse to og at vi gler oss til å kunne tilby noko som born og unge ynskjer seg, seier Fredheim. 

Til toppen