Sogn: Frå og med juni deler Margun Thue og Tone Holvik på funksjonen som samhandlingssjef i Helse Førde. Thue og er til dagleg stadleg leiar ved Lærdal sjukehus, og Holvik ved Nordfjord sjukehus.
Enkelte oppgåver og funksjonar skal dei dele mellom seg, medan andre skal dei ha ansvar for saman.
Les òg: No opnar dei dørene for pasientar att
Geografisk fordeling i kommunane
Det blir ei geografisk fordeling i arbeidet som er retta ut mot kommunane. Thue tok hovudansvar for kommunane i regionane Sogn og HAFS, medan Holvik er kontaktpunkt for nordfjordkommunane i tillegg til Bremanger, Sunnfjord og Kinn.
Helse Førde og kommunane har òg samarbeid om ulike utviklingsarbeid. Mellom anna skal partane samarbeide om ernæringsstrategi, helsefellesskap og kvalitetsreformen «Leve heile livet». Thue og Holvik vil saman ta ansvar for samhandlingsjefen si rolle i desse prosjekta òg.