PÅ TINGET: Marianne Øren (V) møter tysdag på Stortinget som vara for Sveinung Rotevatn. Foto: Ole Ramshus Sælthun
PÅ TINGET: Marianne Øren (V) møter tysdag på Stortinget som vara for Sveinung Rotevatn. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Marianne debuterer på Stortinget

– Så får eg oppleva det også. Eg tek det som ei utfordring og trur det blir veldig spennande, seier Marianne Øren.

Lærdal: Bakgrunnen for at Øren, opphaveleg frå Årdal, busett i Lærdal, får sin stortingsdebut, er at fast Venstre-representant på Tinget frå Sog og Fjordane, Sveinung Rotevatn har eksamen.

– Eg er andrevara, Gunhild Berge Stang er førstevara. Ho har møtt for Rotevatn fleire gonger, men vart hindra no. Så då må eg i elde. Då får eg oppleva det også og eg trur det blir veldig spennande.

– Ikkje veldig frekventert frå Sogn

Sogningar som møter på Tinget har det vore langt mellom den siste tida. Liv Signe Navarsete frå Sogndal, busett i Lærdal, er sjølvsagt eit unntak. Tor Bremer frå Luster var fast representant for Ap i førre stortingsperiode, elles har dei faste representante frå fylket vore frå Sunnfjord og Nordfjord på denne sida av årtusenskiftet

Gunvor Eldegard frå Årdal sitte på Tinget for Ap sidan 2005, men ho representerer Akershus.

– Nei, det er ikkje veldig frekventert frå Sogn, seier Øren.

Og det er eit stortingsmøte med tunge saker Marianne Øren skal delta i; kor vidt kommunar kan slåast saman med tvang skal avgjerast. Regionreforma skal også opp.

– Trudde han tulla då han sa eg måtte fram på talarstolen

Dessutan skal Øren fram på talarstolen i ikkje mindre enn tre saker; ei sak om inntektssiktring for eldre og uføre flyktningar, ei sak om endring i arbeidsavklaringspengar, og ei sak om styrka sosiale rettar for sjølvstendig næringsdrivande

– Det er Sveinung (Rotevatn, journ.anm) sin komitee (arbeids- og sosialkomiteen, journ. anm.) som har hatt desse sakene, difor må eg fram. Eg trudde faktisk han tulla då han sa det, seier Øren, før ho legg til: 

– Men han har jo hjelpt meg då, sjølvsagt. 

– Du er ikkje redd for å mista munn og mæle, der framme?

– Nei det veit eg ikkje, det får me sjå. Dette har eg aldri opplevd før.

Stortingsmøtet startar klokka 10 torsdag 8. juni.

Til toppen