Maristovedilten vart arrangert for 39. gong

122 personar melde seg til start då det historierike turløpet vart arrangert i helga.

Filefjell: Med primus motor Dagfinn Tufte i spissen gjekk samtlege den 10,1 kilometer lange løypa på høgfjellet mot Maristova frå Kyrkjestølen. 

I 39 år har den første helga i september alltid vore avsett til Maristovedilten. Dei første åra var det tidtaking og konkurranse, men i dag handlar det mest om å få ei flott turoppleving.

Sjå bileta frå Maristovedilten i galleriet øvst i artikkelen.

I høvet opninga av den nyrestaurerte Kongevegen over Filefjell, var det no sett opp fleire opplysningsskilt, så dei som tok seg tid til det, kunne lære noko nytt om den historierike vegen.

Her passerer ein mellom anna stiftsstøtta som generalvegmester Hammer og generalvegintendant Anker fekk reist då vegen vart bygd på 1790-talet. Støtta er av marmor frå kongens by København.

Av dei 122 som deltok på årets dilt, var det 26 av desse som gjekk turen for første gong. 

Det vart også delt ut ni 3-årspremiar, fem 6-årspremiar, tre 10-årspremiar og éin 35-årspremie. Den einaste som har gått samtlege 39 turar er Dagfinn Tufte sjølv. Neste år er det 40-årsjubileum, og då lova han ein ekstra premier til dei som deltar.

Til toppen