TEK KONSEPTET VIDARE: Marita Opheim (37) er tilsett som ny dagleg leiar i Tya bakeri. Opheim, som kjem frå Øvre Årdal, tek til i den nye jobben i august. – Eg har masse idear og tankar, seier ho. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
TEK KONSEPTET VIDARE: Marita Opheim (37) er tilsett som ny dagleg leiar i Tya bakeri. Opheim, som kjem frå Øvre Årdal, tek til i den nye jobben i august. – Eg har masse idear og tankar, seier ho. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Marita (37) er ny dagleg leiar i Tya Bakeri

Marita Opheim frå Øvre Årdal er tilsett som ny dagleg leiar ved Tya Bakeri, Kafé og Bar.

Årdal: – Eg har alltid sagt at viss eg skal gjera noko anna enn det eg driv med no, så er det å jobba med mat. Eg grubla ei stund då eg såg stillinga var lyst ut og fann til slutt ut at dette er ein sjanse som berre kjem éin gong. Så fekk eg jobben. Det er eg veldig, veldig glad for, smiler 37-åringen.

Opheim tek til i den nye jobben 31. juli. Ho kjem frå ein heilt annan bransje som tenesteleiar for bu- og miljøtenesta i Årdal kommune.

– Det er ein stor forskjell, men samstunes mykje likt. Eg får jobba med folk og yta teneste. Eg har leiarerfaring og likar å administrere, og her får eg gjere begge deler i tillegg til at eg får jobba med mat og vera kreativ.

I desse dagar pågår det eit stort arbeid på det som tidlegare heitte Utla kafé. I vinter kjøpte Erling Eggum og Klingenberg hotell opp Tya Bakeri, og kort tid etter stengte Utla som han allereie eigde. 

Opnar 26. juni

Dei siste månadane har det blitt jobba med gjere om på konseptet og slå saman dei to kafeane. Lokala på Årdalsenteret skal fungera som utsal for bakeriet – men òg ein samlingsstad for både bygdefolk og tilreisande som ønskjer noko godt å bita i.

– Eg har sett alle teikningane, og det ser kjempebra ut. Opninga er 26. juni, og det trur eg me rekk, seier Opheim, som tek med seg friskt mot og nye idear inn den nye jobben.

– Eg står ganske fritt til å ta Tya-konseptet vidare, så skal eg diskutere med dei tilsette kva me ønskjer å få til. Eg har masse idear og tankar. Mellom anna skal me satse på kultur og forsøke å bruka kultursalen meir.

Gler seg til august

Dermed får årdølene igjen eit breiare kafétilbod i bygda. Erling Eggum seier han er glad for at Opheim har takka ja til jobben.

– Eg er svært nøgd med at Opheim valde å takke ja til stilling, og eg ser fram til at ho kjem i gang i starten av august, seier han.

Til toppen