DEBUTPLATE: Marita Bratteteig frå Lærdal debuterer i desse tider med sitt første album med gruppa Kabaret Makaber. Albumet kjem i midten av oktober, men allereie fredag kom singelen.
DEBUTPLATE: Marita Bratteteig frå Lærdal debuterer i desse tider med sitt første album med gruppa Kabaret Makaber. Albumet kjem i midten av oktober, men allereie fredag kom singelen. (Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen)

Marita frå Lærdal aktuell med debutplate: – Veldig spent

Første smakebit frå den nye plata kom ut fredag.

Lærdal: Allereie for to år sidan vart det som blir den første plata til Kabaret Makaber med Marita Bratte frå Lærdal på Vokal spelt inn, men det er først no plata vert gitt ut.

– Me brukte lang tid på å få ho ferdig. No kjem albumet, og det gler me oss veldig til å syna fram, seier Bratteteig.

Dette blir altså den første plata bandet Kabaret Makaber gir ut. Albumet har fått same namnet som bandet og kjem i midten av oktober, men allereie fredag kom første smakebit i singelen «Djevelen».

Det er stova på Sanden pensjonat du ser på biletet, her innreia for høvet av mor til Marita Bratteteig.
Det er stova på Sanden pensjonat du ser på biletet, her innreia for høvet av mor til Marita Bratteteig. Foto: Åsta Jangård Urdal

God kjensle

For Bratteteig er det ein draum som går i oppfylling når ho no gir ut album i håp om at bandet skal gå frå å vera «underground» til opp og fram i lyset.

– Me har fått med oss eit godt plateselskap i Apollon Records, og berre det at å få lov å gi ut ei plate er ein barndomsdraum som går i oppfylling. Kjensla er veldig bra, seier ho.

Kabaret Makaber oppstod i 2011 og har sidan 2014 bestått av Bratteteig, Morten Norheim, Mads Lønnkvist, Torstein Åvar Sollien, Alexander Lund og Tomas Myklebust. Det som er verdt å merka seg er at ingen av desse spelar verken piano eller gitar.

Du kan lytte til «Djevelen» her.

– Musikken me spelar er ein slags sjangermiks. Me kallar det «bygdenoir» i mangel på eit betre ord. Det er kabaretjazz miksa med inspirasjon frå tysk mellomkrigsmusikk, svingjazz og revyviser. Me har ei artig besetning, fortel ho.

Utforskar det einsame i ville Sogn

Om lyrikken forklarar Bratteteig at den utforskar det einsame i ville Sogn. Som å sitja i ein førarlaus buss i retning ein ukjend stad. Eller å finne trøyst i ein framand kar med slangeskinnsko, ei vitjing som både lindrar og matar den mørke angsten. Spesielt når det blir openbart at denne karen er ingen annan enn din eigen djevel. Og i manien etter å prøve og bøte på det einsame med latter og dansing, skiftar glede fort til desperasjon og sorg.

Bratteteig passar på å takka alle som har hjelpt til med det nye albumet. Mellom anna har ho fått hjelp frå Vilde Jensen Hjetland frå Balestrand og Åsta Jangård Urdal til artworken til plata. Per Christian Grov frå Borgund har gjort det grafiske designet.

– Me har brukt masse tid på plata saman med eit stjernelag av dyktige og gode vener rundt oss. Åsta og kjærasten min Vidar Aase Alme var med meg og laga radioteaterbitar som er med på vinyutgåva av plata - og Helge Jordal er med som skodespelar.

No er stemninga spent før albumsleppet i oktober. Deretter ventar konsertar i både Bergen og Oslo, men også på heimstaden til Bratteteig, Lærdal. I mellomtida er dei allereie i gang med plate nummer to.

– Ja, den driv me på med. No skal me berre gjera oss ferdig med denne først, så går me på neste.

Til toppen