STERKE RESULTAT: Marita Hestetun sprang sin første Fanaråken Opp laurdag. Der leverte ho ei såpass bra tid til å stikka av med sigeren i Lustratrippelen. Mannen hennar, Roy Olsen, kom på tredjeplass i samandraget på herresida. (Bilde: Privat)

Marita Hestetun stakk av med sigeren i Lustratrippelen

– Ei veldig god kjensle.

Luster: Det seier Marita Hestetun frå Årdal, som sprang sin første Fanaråken Opp laurdag. I klassen kvinner 23–34 kom Hestetun på ein 5. plass med tida 1.25.57, drøye 14 minutt bak vinnaren Eli Anne Dvergsdal frå IL Gaular.

Det betyr at ho «akkurat» snik seg inn som vinnar av Lustratrippelen i 2017. Med ei totaltid på 3.18.18, er det litt under to minutt raskare enn Bertine Lefdal frå Bjørn IL. Anna Margrethe Tråve frå Lærdal IL kom på tredjeplass.

5000 KRONER RIKARE: – Eg hadde ikkje venta dette, så at eg fekk denne fine premien er ein kjempebonus, seier Hestetun
5000 KRONER RIKARE: – Eg hadde ikkje venta dette, så at eg fekk denne fine premien er ein kjempebonus, seier Hestetun Foto: Privat

– Løpet i dag var det tyngste eg har vore med på, tungt frå start til slutt, men eg kom meg i mål og er nøgd med tida. Og kjensla av å ha vunne trippelen var veldig, veldig god, seier ho til Porten.no.

Sigeren betyr at Hestetun er 5000 kroner rikare.

– Eg hadde ikkje venta dette, så at eg fekk denne fine premien er ein kjempebonus, i tillegg til at eg får vera med på løp som eg tykkjer er veldig kjekt, legg Hestetun til.

Mannen hennar Roy Olsen frå IL Jotun gjorde det også sterkt i samandraget. Han kom på ein tredjeplass i trippelen på herresida med tida 2.55.35. Han måtte sjå seg slått av Per Ove Walaker frå IL Fanaråk med tida 2.46.25. Runar Hatlevoll frå Ornes kom på andreplass med tida 2.52.39.

Til toppen