TIL TOPPS: Marita Hestetun frå Årdal gjekk til topps i årets utgåve av Lustraløpet måndag. Foto: Privat.
TIL TOPPS: Marita Hestetun frå Årdal gjekk til topps i årets utgåve av Lustraløpet måndag. Foto: Privat.

Marita til topps i Lustraløpet

Marita Hestetun frå Årdal var raskast blant damene under årets Lustraløpet.

Luster: Måndag gjekk 31. utgåve av Lustraløpet av stabelen i Luster. Det 10 kilometer lange landevegs- og mosjonsløpet har kvart år sidan 1986 gått av stabelen.

I år var det ei kvinne frå nabokommunen Årdal som stakk av med sigeren i kvinneklasse. Med tida 40.12 var Marita Hestetun raskast rundt løypa og i mål.

– Det er første gongen eg deltek på Lustraløpet. Det var eit veldig fint løp med lett løype. Me var også heldige med vêret, så dette var kjept, seier Hestetun, som også hadde beste spurttid etter 2,5 kilometer. Dermed vart ho 2000 kroner rikare for innsatsen måndag.

Likar å vere ute

Lustraløpet er kjent for sin naturvakre omgjevnad og flotte premiar laga av lokale produsentar/kunstnarar. Det passar fint for ein løpar som Hestetun som deltek på slike lokale løp når ho har moglegheit.

– Eg er veldig glad i å vera ute. Eg har ikkje noko spesielt mål eller meining, men eg tek på meg skoa og tek meg ein tur. Det blir ein tydelegvis i god form av. Eg tykkjer det er kjekt å springa og likar det godt, smiler ho. 

Lustraløpet har vore arrangert kvart einaste år sidan 1986, og 5. juni 2017 vert løpet arrangert for 31. gong. Det vert lagt ned ein massiv frivillig innsats blant medlemmer og innbyggjarar i Luster for å få til eit vellukka arrangement år etter år. 

Komande helg ventar trappeløpet i Høyanger, der Hestetun har planar om å stå på startstreken. 

Til toppen