Lærdal: – Dei fleste er veldig positive til at eg valde å flytta heim. Eit par andre, meinar at eg er klin galen som har vald å busetta meg i heimbygda i ein alder av 23. Det er veldig lett å fokusera på det negative ved å bu i ei lita bygd, men det handlar om å sjå alle moglegheitane i staden, fortel ho.

Maritha Tønjum Skjerdal (23) har busett seg eit steinkast frå barndomsheimen
Maritha Tønjum Skjerdal (23) er nyleg ferdig utdanna sjukepleiar og har allereie kjøpt, pussa opp og flytta inn i eit hus saman med sambuaren sin, 200 meter frå barndomsheimen.