SGN: Marius Feen er ny dagleg leiar i SGNskis.
SGN: Marius Feen er ny dagleg leiar i SGNskis. (Foto: Bård Basberg/Privat)

Marius Feen er ny dagleg leiar i SGNskis AS

Han er opprinneleg frå Sandefjord, men bur i Oslo.

Sogndal/Oslo: – Eg kjem nok til å vera ein del i Sogndal framover, seier Feen.

Han har teke over rolla som dagleg leiar i SGNskis etter Erling Grøstad. 

– Eg kjem til å jobba mest frå Oslo og skal ha heimakontor der, seier Feen.

Snart tek han til i den nye jobben i bedrifta som lagar norske ski frå Sogndal. 

Bra potensiale

– Det blir veldig spanande å ta til som dagleg leiar. Det er spanande med eit norsk varemerke, og potensialet her kan bli veldig bra

Han har berre godt å seia om både produkta og menneska bak SGNskis.

– Produkta er fantastiske, og menneska bak er fantastiske, så då blir det vel bra, seier Feen.

Tidlegare dagleg leiar med ny jobb

Tidlegare dagleg leiar, Erling Grøstad, har berre godt å seia om Feen.

– No får me inn ein mann med mykje god erfaring.

Sjølv har han gått over i ny jobb og er nøgd med det.

– Etterkvart som selskapet vaks og blei større så blei utfordringa og større. Det var kanskje behov for ein person med litt meir erfaring enn meg. Eg kom jo rett frå studiet då eg byrja, medan no får me inn ein mann som har ein god del år bak seg i sportsbransjen, seier Grønstad.

20 år med erfaring

Feen har nemleg jobba 20 år innanfor norsk sportsbransje.

SOGNANATUR: SGNskis er lokale ski frå Sogndal. Foto: Bård Basberg.

– Eg kjenner bransjen godt, og tenkjer at dette skal bli moro. Eg har alltid vore ivrig etter friluftsliv og går mykje på ski. No får eg oppleva mykje fin Sogndalsnatur i tillegg, så det blir bra. 

No har han gode planar og tankar for SGNskis framover.

– Det har me alle saman. Planen er å auka omsetning, og ta vare på den lokale tilknytninga til Sogndal. Det er viktig å påpeika tilhøyrligheiten til Sogndal, seier han.

Så identiteten til Sogndal blir ikkje vekke sjølv om dagleg leiar held til i Oslo?

– Identiteten skal absolutt ikkje bli vekke, den skal eg i best mogleg grad ta vare på, seier Feen.

Til toppen