OPEN KYRKJE: Onsdag held Årdal kyrkje opent for å gi folk ein moglegheit til å samlast for å minnast dei som mista livet i busstragedia på Holsbru. Foto: Privat
OPEN KYRKJE: Onsdag held Årdal kyrkje opent for å gi folk ein moglegheit til å samlast for å minnast dei som mista livet i busstragedia på Holsbru. Foto: Privat

Markerer busstragedia med open kyrkje

Onsdag 4. november er det to år sidan tre menneske vart drepne i busstragedia på Holsbru i Årdal. 

Årdal: I samband med tragedia på Valdresekspressen 4. november 2013 vil Årdal kyrkje gi folk ein moglegheit til å samlast for å minnast dei tre som mista livet for to år sidan. 

Onsdag er difor Årdal kyrkje open frå klokka 17 til 18 for å markere hendinga, då dette har vore eit ønske, fortel Ruth Jane Øren, fungerande kyrkjeverje. 

– Kyrkja er open slik at folk har høve til å tenne lys, det blir spelt musikk og det vil vera ein prest til stades, seier Øren. 

 

Til toppen