FRÅ TI TIL 68: Medlemmane i Kaupanger skule- og ungdomskorps er alt frå ti til 68 år. Privat foto
FRÅ TI TIL 68: Medlemmane i Kaupanger skule- og ungdomskorps er alt frå ti til 68 år. Privat foto

Markerer sine 50 år med jubileumsbok

Korpset på Kaupanger fyller femti år og har halde jubileumskonsert. No gir dei også ut bok. 

Kaupanger: – Korpset på Kaupanger feirer i år 50-års jubileum. Dagen vart markert med konsert på Vesterland etterfulgt av festmiddag. Korpset leia av Jason Burn var i storform og spelte ein variert konsert med musikkstykker henta frå arkivet, seier Liv Marit Menes i Kaupanger skule- og ungdomskorps.

STOR KVELD: Arnstein Hauståker fekk både NMF sin fortenestemedalje og vart æresmedlem i korpset. Privat foto
STOR KVELD: Arnstein Hauståker fekk både NMF sin fortenestemedalje og vart æresmedlem i korpset. Privat foto

Konserten baud på fleire solistinnslag og innslag frå veterankorpset der medlemmane hadde kome langvegs frå for å få spela saman. Dirigent for veteranane var æresmedlem Jan Tore Eresberg.

– Korpset har medlemmar frå ti til 68 år og fleire av desse fekk medaljer frå Norges Musikkorps Forbund (NMF) for mange års teneste for musikklivet. Medaljar og diplomer vart utdelt av Hilde Horpen, styremedlem i NMF Nordvest, seier Menes.

Fortenestemedalje og æresmedlem

Den største heideren fekk Arnstein Hauståker, han fekk tildelt NMF sin fortenestemedalje. 

I grunngjevinga står det mellom anna «han har hatt eit langvarig og brennande engasjement for korpset gjennom mange år. Han har vore leiar av korpset, styremedlem i fleire perioder, materialforvaltar, organisert inntektsgjevande aktiviteter og er framleis svært aktiv. Han er fortsatt like engasjert som han alltid har vore.»

– Arnstein vart også æresmedlem i korpset denne kvelden, seier Menes.

BOK: Korpset har i samband med 50-årsjubileumet sitt gitt ut bok om historia si. Privat foto
BOK: Korpset har i samband med 50-årsjubileumet sitt gitt ut bok om historia si. Privat foto

– Gir inntrykk av kor viktig det er å ha eit livskraftig korps

I tillegg til konserten gav korpset ut ei bok om si 50 år lange historie.

– Boka innheld mange gode historiar og flotte bilder som gir eit inntrykk av kor viktig det har vore for ei bygd som Kaupanger å ha eit livskraftig korps, seier Menes.

Boka er skriven og sett saman av Bent Berglie, Solrunn Valeberg Nornes, Oddvar Walaker, Tor W. Eikemo og Arnstein Hauståker. Boka er til sals hjå alle medlemmane i korpset.
 

Til toppen