LANDBRUKSSEMINAR: I mars inviterer Håvard Øyrehagen og landbrukssjef Magnhild Aspevik til landsbruksseminar i Lærdal. Foto: Jan Christian Jerving (Arkiv).
LANDBRUKSSEMINAR: I mars inviterer Håvard Øyrehagen og landbrukssjef Magnhild Aspevik til landsbruksseminar i Lærdal. Foto: Jan Christian Jerving (Arkiv).

Markerer slutten på saueprosjekt med stort seminar

Håvard Øyrehagen håpar på eit fullt kulturhus i Lærdal når Prosjekt sau og utmark inviterer til to dagar med fagseminar.

Lærdal: Garden som leveveg og suksessfaktorar for å lykkast er overskrifta for seminaret som finn stad i Lærdal i mars. Prosjektleiar Øyrehagen håpar på fullt hus.

Det fireårige prosjektet har hatt fokus på sauenæringa, men programmet for dei to dagane er mykje breiare enn som så. 

– Prosjektet går mot slutten, så no har me lyst til å samla trådar og kanskje sjå litt framover. Fagkunnskap og det å ha eit fagmiljø, er viktig, samstundes som ein har fokus på fag for sauebønder, fortel han. 

Det er Prosjekt sau og utmark som arrangerer i samarbeid med landbrukskontoret i Årdal, Lærdal og Aurland og Bondelaget i fylket.

Fått bremsa nedgang i dyretal og besetning

I løpet av desse to dagane vil ein mellom anna kunne høyre om bonden som bedriftsleiar, merkevarebygging, og det vert paneldebatt. I tillegg vert det gitt ein status for prosjektet, som Øyrehagen trur har vore viktig for kommunane på sørsida av fjorden.

– Det har vore ein del opp- og nedturar. Eg kom inn som prosjektleiar for 2,5 år sidan og byrja med den blodigaste sommaren i fjellet nokonsinne. Entusiasmen var på botnen, men eg trur me har greidd å snu det.

– Det har vore ein nedgåande trend i dyretal og besetning, men eg trur me har greidd å stoppa det med både nye besetningar og at yngre generasjonar tek over og har bygd nye fjøsar, seier han og legg til at håpar å sjå mange unge bønder desse dagane.

– Dei er neste generasjon med drivarar, og me ser snittalderen til bønder, og kanskje spesielt sauebønder er høg, tett opp mot 60 år, så det er viktig å få dei på bana.

Seminaret finn stad i kulturhuset i Lærdal. Dei håpar på 150 påmelde frå heile Indre Sogn. 

Til toppen