ELDREDAG: Torsdag var SNs internasjonale eldredag markert for 25. gong i Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
ELDREDAG: Torsdag var SNs internasjonale eldredag markert for 25. gong i Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Markerte eldredagen for 25. gong

Torsdag blei SNs internasjonale eldredag markert for 25. gong i Årdal. 

Årdal: Heile 90 personar var samla i kulturhuset i Øvre Årdal. I år er det altså 25 år sidan denne dagen vart markert for første gong. 

På denne dagen er det dei eldre som er i sentrum hjå SN, som meiner det er viktig å fokusera på dei over 60 år dersom ein skal få den framtida ein ønskjer seg. Innan 2030 vil den gruppa stiga til gjelda 1,4 milliardar menneske.

Nettopp det at me blir eldre og at ein får fleire eldre var eit tema leiar i eldrerådet, Agnar Kvam, tok opp i sin opningstale.

VIKTIG RØYST: Leiar i eldrerådet, Agnar Kvam, talte om dei eldre som har ei viktig røyst i samfunnet som fortener å bli høyrt.
VIKTIG RØYST: Leiar i eldrerådet, Agnar Kvam, talte om dei eldre som har ei viktig røyst i samfunnet som fortener å bli høyrt.

– Det blir fleire og fleire eldre. Det gjeld i Årdal som andre plassar. Det er også fleire som blir over 80 år, og det er fleire som får demens og slit med det. Det viser statistikk som er rimeleg sikkert. 

– Når me vert dårlegare, håpar og trur eg at dette kjem til ettertankt hjå dei som har sørg for oss, talte han.

Ei viktig røyst i samfunnet

Han drog også fram dagens flyktningskrise, der dei som er på flukt stort sett ikkje er eldre. 

– Dei blir att og opplever det verste av det verste, fortsette han og understreka at dei eldre si stemme er viktig.

– Me er mange og røysta vår tel både her og der. Me kan vera med og påverka. Eldre blir ofte ikkje tilgodesett så mykje som dei burde og skulle. Det er jo motivet for heile dette opplegget at ein skal setja fokus på korleis eldre har det og skal få det. 

IVARETA: Ordførar Arild Ingar Lægreid sa på vegne av kommunen at dei skal gjera sitt beste for å ivareta dei eldre.
IVARETA: Ordførar Arild Ingar Lægreid sa på vegne av kommunen at dei skal gjera sitt beste for å ivareta dei eldre.

Skal ivareta dei eldre

Ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid, var også tilstades og talte. Eit tema han kom innom var Kostra-tala, som fortel om utgiftene til kommunen samanlikna med andre kommunar.

I Årdal er pleie og omsorg ei kostbar teneste, der nesten 90 prosent av pengane går til omsorg på personar under 67 år.

Les også: Kan hente «store pengar» innanfor omsorg

– Me har ei utfordring økonomisk og jobbar med sy saman økonomien. Nokre seier at Kostra-tala ikkje er heilt korrekte, og stemmer delvis, men dei gir ein peikepinn på korleis me ligg an. I Årdal brukar me meir pengar på dei under 67 år enn dei som er over. Det er kanskje eit tankekors. Men me skal gjera så godt me kan for å ivareta dei eldre, sa han og fortalte om tilbodet i kommunen.

Artikkelen held fram under biletet.

UNDERHALDNING: Jonny Asperheim og Ivar Seim underhaldt med musikk og bileteframsyning frå Årdal.
UNDERHALDNING: Jonny Asperheim og Ivar Seim underhaldt med musikk og bileteframsyning frå Årdal.

– Me eldresentera våre, der mange er innom i løpet av veka, omsorgsbustader, heimehjelp, heimesjukepleie og sjukeheimar med kort- og langtidsplassar. Og så vil eg nemna at 1. november startar me opp eit nytt dagtilbod for demente på sjukeheimen på Årdalstangen, og så har me formelt opna 8-10 nye kortidssjukeheimsplassar på ÅBO i dag.

Etter talane var det song og musikk frå Jonny Asperheim og Ivar Seim. I tillegg tok Asperheim dei eldre med på ei rundreise i bygda med ein bileteserie frå alle turane han har vore på i kommunen. 

Få me deg Asperheim si turspalte «Helgaturen» HER.

Til toppen