SISTE SALVE: Spreningsarbeidet i Filefjellstunnelen er gjennomført og ferdig etter gjennomslaget tysdag. Ingrid Nystuen (t.h.) fekk æra av å fyre den siste salva. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SISTE SALVE: Spreningsarbeidet i Filefjellstunnelen er gjennomført og ferdig etter gjennomslaget tysdag. Ingrid Nystuen (t.h.) fekk æra av å fyre den siste salva. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Markerte gjennomslag i Filefjellstunnelen

Grunneigar Sigrid Nystuen fekk æra av å sprenge siste salva som gjer det mogleg å kome gjennom Filefjellstunnelen.

Filefjell: Den 6. august i fjor gjekk den første salva av på austsida av tunnelen. 14 månader og om lag 1200 salver seinare kunne entreprenør Hæhre og Statens vegvesen feire gjennomslag i Filefjellstunnelen.

– Dette er ein milepåle. Det er ei spesiell kjensle og kanskje litt vemodig å tenkja på no er denne delen av tunnelarbeidet over, men no startar ein ny del som er vel så hektisk, seier byggeleiar Harald Stadheim i Statens vegvesen.

Les også: Her ventar dei på at salva skal gå av

560 000 kubikk eller rundt 100 000 lastebillass med stein er frakta ut på denne tida, og tysdag vart altså det siste lasset sprengt ned – akkurat slik entreprenøren hadde lova.

VEMODIG: Sjølv om dei no er gjennom i tunnelen, tykkjer Harald Stadheim det er litt vemodig.
VEMODIG: Sjølv om dei no er gjennom i tunnelen, tykkjer Harald Stadheim det er litt vemodig.

Aldri gjort før

I tilbodet vart det nemleg sagt at siste salve og gjennomslag skulle skje den 27. oktober, og slik blei det. No er over åtte kilometer med veg asfaltert på E16, og det vart nemnd at dette kunne vere rekord for Hæhre, som har jobba svært så effektivt sidan oppstarten våren 2014.

Den som fekk æra av å fyre av det siste smellet var grunneigar Sigrid Nystuen.

– Eit slikt smell har eg aldri vore med på før, men det gjekk roleg og fredeleg føre seg. Me køyrte heilt inn til fjellveggen der ladningane var, og så var det ei god gamaldags lunte, som eg fyrte på med gassbrennar. Då hadde me 2,5 minutt på å koma oss vekk, fortel ho om opplevinga.

Halvvegs i prosjektet

Medan ho utførte sprengingsarbeidet, var resten av forsamlinga samla i ei havarilomme om lag to kilometer frå der det skulle sprengast. Sprenginga vart gjort med dynamitt, som vart bore 4,3 meter inn i fjellet på 50 stader. Etter kvart vart forsamlinga frakta fram til staden, der ein kunne sjå eit reint og fint spreningsarbeid.

– No går me for fullt over i etterarbeidsfasen. Hæhre skal reinska botnen som me står på, få fekk grøfter slik at vatnet blir drenert ut, leggja det elektriske og frostsikra tunnelen, slik at det blir trygt å køyra her, forklarar Stadheim vidare.

Artikkelen held fram under biletet.

SISTE DEL: Over 560 000 kubikk med stein er køyrt ut av tunnelen. Her er siste rest.
SISTE DEL: Over 560 000 kubikk med stein er køyrt ut av tunnelen. Her er siste rest.

Både han og avdelingsdirektør Kjartan Hove var svært godt nøgde med arbeidet til Hæhre og drog fram både framdrift, leiing og tryggleik. 

– Eg vil gratulere alle framtidige bilistar som vil få den store gevinsten med ein kortare, sikrare og meir rasjonell veg. Målsetninga er å unngå stengte vegar, og den prosenten får ein også ned med uvêrslysa som er sett opp, seier han.

Uvêrslys

Dei såkalla uvêrslysa er som lyktestolpar som står langs vegen frå tunnelopninga på Kyrkjestølen heile vegen til Smedalsosen. Desse lysa skal både hjelpa brøytemannskap å navigere, men også bidra til betre sikt for bilistar. 

Nystuen er no godt nøgd med at denne delen av arbeidet er over.

– Det betyr veldig mykje. Det har vore ein lang prosess med mange alternativ, møte og merknader, men no fekk me det beste alternativet, så det ein kjempeflott, ny og endå sikrare vinterveg mellom Oslo og Bergen, som sikrar stamvegen, smiler ho. 

GODE RÅD: Komikar Kjell «Kjellen» Bigset dukka opp under matserveringa og underheldt. Her gir han Vegvesenet og Hæhre gode råd til korleis dei kan spara pengar ved å kutte ut dopapir.
GODE RÅD: Komikar Kjell «Kjellen» Bigset dukka opp under matserveringa og underheldt. Her gir han Vegvesenet og Hæhre gode råd til korleis dei kan spara pengar ved å kutte ut dopapir.
Til toppen