GÅVE: Utdeling av gåvene frå Seimsdal Kraft AS på Klingenberg Hotel laurdag. Frå venstre: Sigrid Røneid frå Tangen Køyre- og Rideklubb, Johnny Svåi frå ÅTIL og Aud Andersen frå Seimsdal Ungdomslag. Foto: Oddbjørn Einan/privat
GÅVE: Utdeling av gåvene frå Seimsdal Kraft AS på Klingenberg Hotel laurdag. Frå venstre: Sigrid Røneid frå Tangen Køyre- og Rideklubb, Johnny Svåi frå ÅTIL og Aud Andersen frå Seimsdal Ungdomslag. Foto: Oddbjørn Einan/privat

Markerte jubileum med gåveutdeling

Som eit resultat av ei vellukka utbygging i Seimsdalen, bestemte Seimsdal Kraft AS å gje attende til lokalmiljøet under markeringa av 10-års jubileet til deira laurdag. 

Det er no ti år sidan Seimsdal Kraft AS vart skipa, og etter seks år med søknadar og planlegging vart generatoren starta opp for fyrste gong 19. mai 2011. Sidan har kraftverket rusla og gått utan store problem og vist at forventningane om miljøvenleg drift og økonomisk bærekraft til fulle er innfridd.

Meiningsfulle gåver

Gåveutdelinga fann stad på Klingenberg Hotel laurdag ettermiddag, og mottakarane av dei gjeve prisane var Tangen Køyre- og Rideklubb, Aosahytta på Seimsåsen ved Årdalstangen Idrettslag og Seimsdal Ungdomslag.

– Me valde å gje gåvene til desse organisasjonane fordi dei alle er opptekne av å ivareta fokuset på born og ungdom. 

Ny flatskjerm

Aosahytta på Seimsåsen Aktivitetssenter vert betrakteleg oppgradert med gåva frå Seimsdal Kraft AS. Ein 65” flatskjerm skal opp på veggen inne i hytta, og kan nyttast til alt i frå konferansar og møter til resultatservice ved til dømes skirenn.

– Den tv-kassa me har hatt fram til no, har gått ut på dato for lenge sidan, seier Johnny Svåi, leiar i Årdalstangen Idrettslag.

Han legg til at han tykkjer det er veldig kjekt at Seimsdal Kraft AS gjer attende til lokalmiljøet.

Sponsormidlar

Med 3 års sponsoravtale og ein gåvesjekk pålydande kr. 5000,- vart Tangen Køyre- og Rideklubb heidra for sitt arbeid med born og unge.

– Me er svært glade for at Seimsdal Kraft AS ynskjer å støtte opp om oss, fortel Sigrid Røneid, kasserar i rideklubben.

Ho fortel vidare at dei ikkje har diskutert kva pengane skal gå til enno, men at det mest sannsynleg vert nytta til tilbod for born og unge. 

Gåvesjekk på kr. 15.000,-

For å syne kor mykje Seimsdal Kraft AS set pris på Seimsdal Ungdomslag sine aktivitetstilbod, fekk organisasjonen ein gåvesjekk på heile kr. 15.000,-. 

– Gåvesjekken var overraskande og me er kjempeglade for å få ei slik gåve. For at det skal gå rundt økonomisk, legg me att mange dugnadstimar i ungdomshuset. Og då er det så flott at Seimsdal Kraft AS er så generøse og gjev oss ei slik flott gåve, seier Aud Andersen, leiar i Seimsdal Ungdomslag. 

Ungdomslaget har mykje utgifter på den eldre bygningen, og no er dei inne i ein investeringsperiode der dei blant anna har byta ut kjøkkeninnredninga. Då Seimsdal Kraft AS hadde sin jubileumsfest laurdag kveld, var kokken Frode Aga ein av dei fyrste til å nytte seg av det nye kjøkenet i ungdomshuset. 

– Me fekk veldig mykje skryt av sjølvaste Frode Aga som var innleigd som kokk under markeringa, seier Andersen.

Verdiskapning 

Anders Seim jr. og Oddbjørn Einan
ENTUSIASTAR: Anders Seim jr. (t.v.) og Oddbjørn Einan er to av entusiastane bak Seimsdal Kraft AS. Einan har vore tilsett som dagleg leiar sidan oppstarten. 
Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Det vart tidleg slått fast at grunnverdiane for Seimsdal Kraft AS skulle vere skånsam og miljøvenleg, og at selskapet skulle bidra i verdiskapninga for Seimsdalen.

– Etter fire år med drift har me fått synt fram at desse planane er gjennomført, seier Anders Seim jr., leiar i styret til Seimsdal Kraft AS.

Han fortel vidare at det har vore viktig for selskapet å ha eit godt forhold til innbyggjarane i Seimsdalen. Seim jr. seier at utbygginga av kraftverket har gjeve meir enn berre økonomisk gevinst.

– Det har vorte eit forsterka og positivt samhald mellom grunneigarane, og det er viktig i eit lite samfunn, seier han. 

Til toppen