Høyanger: I strålande klarvêr og med sommartemperatur i lufta slo 13 personar følgje med turleiar Knut Furu Strømmen innover Høyanger-fjella søndag. Med utsyn så langt som mot Lihesten i Hyllestad og Ålfotbreen fjellheimen i Bremanger og Gloppen, var det duka for ein flott hausttur for turfølgjet.

Markerte motstand mot vindkraftplanar i Høyanger-fjella
Søndag tok Balestrand og Høyanger turlag turen til Høyanger-fjella i områda der det er planar om vindkraftverk. Deltakarane nytta høvet til å syne kva dei meiner om planane.