Markerte slutten for vinteraktivitetane

Markerte slutten for vinteraktivitetane

I samfunnshuset på Borgund er det god tradisjon å samle dei som har vore med på barneidrett, miniatyrskyting og cuprenn i vinter til avslutningskveld med premiering og sosialt samvær.

Det vart utdelt fine premier i barneidretten, for skyteskule og for miniatyrskyting. På skyteskulen har det hausten 2014 og vinteren 2015 vore 14 ivrige unge skyttarar som har fått innføring i skytinga. På miniatyrskytinga har det vore seks ivrige unge talent som Knut Maristuen har vore leiar for.

STOLT: Irmelig Natvik Norheim tek stolt imot premien sin frå Birgit Lunde.
STOLT: Irmelig Natvik Norheim tek stolt imot premien sin frå Birgit Lunde.

Birgit Lunde leia premieringa roste dei aktive for kjempeflott innsats i skisporet i vinter. Det var tre cuprenn, det fjerde vart avlyst på grunn av dårleg vêr. I alt 51 individuelle deltakarar stilte til start, av dei var det 15 som var med på alle tre løpa.

Utanom deltakarpremiering med ulik storleik for talet renn, var det òg premiering for skimerke, bronse (4 stk.), sølv (2 stk.), emalje (1) og gull (2 stk.). I år vart det  ikkje delt ut femårspokal og heller ikkje plakett.

Åtte deltakarar var med i trekninga av to gåvekort på kr. 500.-. Kriteriar for å vera med i trekninga i år er å gå to eller tre cuprenn og alderen mellom 11 og 15 år.

– Som ein god inspirasjon har me i år hatt med ei jente som har teke merket og gått alle tre cuprenn. Ho er 17 år, men får likevel vera med på trekninga med god innsats, avslutta Lunde.

Dei to heldige i trekninga av gåvekort var Sebastian H. Brugrand og Ingvild Jerving.

Til toppen