Nye Sogndal: Frå onsdag av heiter den nye storkommunen Nye Sogndal. Samanslåinga blei markert med fakkeltog og talar i dei tre kommunane.
I Sogndal vart det markert med eit fakkeltog som gjekk frå kommunehuset i Sogndal ned til sjøkanten.

Kunstnaren Geir Hjetland hadde laga ein stor fakkel for anledninga. Den bestod av ein stor sirkel med tre små inni, som symboliserte at tre kommunar no blei til ein.
Varaordførar i nye Sogndal kommune, Vibeke Johnsen, var tilstades under markeringa. Ho opplyser at kring 55-60 personar møtte for å feira samanslåinga, og markera slutten på dei tre kommunane.
– Det vart ei flott markering. Den store fakkelen laga av Geir Hjetland fungerte veldig godt. Eit vakkert syn!, seier Johnsen til Porten.no.