Luster: – Me er veldig nøgde med marknadsdagen. Det har vore veldig fint vêr, og mange måtte trekke inn eller i skuggen med jamne mellomrom, seier Johanne Grov, arrangør bak marknaden i Jostedalen.
- Les òg: Brefestival i Jostedalen.
Heile bygda stiller på dugnad
Ho legg ikkje skjul på at det er mykje arbeid bak ei slik helg.
– Heile bygda stiller opp og hjelper til og då er det kjekt å arrangera.
Det har vore mykje å gjera heile helga både for liten og stor.
– Det blei litterært vorspiel på Fjellheim med to forfattar før det bar vidare til brepub på Breheimssenteret. Der betalte 150 stykk frå heile kommunen inn, noko dagleg leiar Trygve Snøtun var nøgd med, seier Grov.