Marknaden har kome for å bli

 – Responsen har vore heilt overveldande. Dette er noko me vil satse vidare på, seier Trulssen, leiar i marknadsnemda.

I helga strøymde folk til Lærdal som aldri før, og leiar i marknadsnemda, Astrid Trulssen, er sikker på at dette ikkje er siste gong det blir arrangert julemarknad i bygda.

HAR KOME FOR Å BLI: Astrid Trulssen i Marknadsnemdi er i full sving under julemarknaden.
HAR KOME FOR Å BLI: Astrid Trulssen i Marknadsnemdi er i full sving under julemarknaden.

Folk storkosar seg

Iniativtakarane er strålande nøgde etter julemarknaden som blei avslutta søndag kveld.

- Eg må seie at folk er flinke til å gå på marknad i Lærdal. Dei kosar seg her. Folk som har vore innom i det litt dårlege vèret som har vore i dag, imponerer meg. Det er nesten som eg må takke dei litt for støtta.

Trulssen kan nesten ikkje få rose medarbeidarane sine godt nok, og vil takke alle som har stilt opp på dugnad før arrangementet.

– Fyrste kvelden me prøvde ut lyssettinga av gamlegata, klappa me litt i hendene for me tykte det blei ganske fint. Odd Helge Brugrand hang i ein stege, medan me dreiv å pakka ut all lyssettinga.

Perfekte omgjevnadar

– Målet var å skape den fine stemninga som er her nede på gamle Lærdalsøyri ved juletider. 

Trulssen legg til at dei har lang erfaring frå marknadar om våren og hausten, og meinar desse omgjevnadane passar godt til slike arrangement. 

– Me har fått så mange positive tilbakemeldingar. Julemarknad i Lærdal har kome for å bli, og dette ser me fram til å markere kvart år framover.

Til toppen