ETTERLYSER: Astrid G. Trulssen håpar ho får med seg folk i marknadsnemndi så det kan bli marknader i Lærdal i framtida også. Dagleg leiar i LNU, Arve Tokvam, jobbar med å få på plass ein arrangementskoordinator som skal gjera det greiare å sitja i styre og stell for arrangement i Lærdal. Foto: Ole Ramshus Sælthun
ETTERLYSER: Astrid G. Trulssen håpar ho får med seg folk i marknadsnemndi så det kan bli marknader i Lærdal i framtida også. Dagleg leiar i LNU, Arve Tokvam, jobbar med å få på plass ein arrangementskoordinator som skal gjera det greiare å sitja i styre og stell for arrangement i Lærdal. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Marknadene står i fare dersom ho ikkje får med seg fleire i marknadsnemnda

– Det er ein kjekk jobb, elles hadde eg ikkje drive med dette, seier Astrid G. Trulssen. For; får ho ikkje med seg folk i nemndi, står marknadane i Lærdal i fare.

Lærdal: I kveld, onsdag, held Lærdalsmarknaden årsmøte. Men val blir det neppe, fordi det ikkje har lukkast valnemndi å finna kandidater.

 – Per klokkeslett står eg åleine. Og eg må nesten ha med meg nokon for å få arrangert Lærdalsmarknaden, seier leiar Trulssen.

Trur det blir veldig greitt å sitja i nemndi viss koordinatoren kjem på plass

Realitetane er såleis temmeleg enkle; er ingen interesserte i å vera med i nemndi, blir det ikkje fleire marknader i Lærdal.

Men Trulssen trur det vil løysa seg.

 – Det er voldsamt kjekt; eg hadde ikkje vore med i så mange år elles. Folk i Lærdal elskar marknadane og å jobba med dei blide seljarane er veldig fint. Men eg kan altså ikkje arrangera marknad åleine.

I tillegg trekkjer ho fram at Lærdal Næringsutvikling (LNU) no jobbar med å få på plass ein koordinator for arrangementa i Lærdal.

Les også: Arrangementskoordinator står øvst på ønskjelista

 – Då trur eg også det blir veldig greitt å sitja i nemndi, seier Trulssen.

Valet blir truleg rundt månadsskiftet mars/april

Dagleg leiar i LNU, Arve Tokvam, fortel dei håpar å få koordinatoren på plass til sommarsesongen. 

 – Me jobbar aktivt med å få etablert dette, og det blir ein administrativ eller merkantil funksjon. Lærdal Næringssamskipnad er involverte her, og spørsmålet no er korleis denne funksjonen organiserast, pluss at me må få finansieringa på plass. Tanken er å laga eit utviklingsprosjekt så me får fasa denne funksjonen inn på ein god måte.

 – Eg håpar dette prosjektet vil munna ut i noko så me kjem vidare, seier Trulssen.

Les også: Fekk 200.000 kroner til å styrka marknadane

Årsmøtet til Lærdalsmarknaden blir halde på rådhuset onsdag kveld klokka 19.

 – Alle lag og organisasjonar i Lærdal kan møta, seier Trulssen.

Men val blir det altså neppe; dette reknar leiaren i nemndi med at vil bli halde om ein månads tid; føresett at det altså finst kandidatar.

Nemndi består i dag av fem medlemmar, av di ein er representant frå kommunen og ein frå Lærdal idrettslag. Men alle i dagens styre vil altså gi seg, med unntak av Trulssen.

– Me må ha eit styre på fem medlemmar, og me skulle gjerne ha sett at handelsgruppa var representert.

Til toppen