BLAUTT: Regnklede og paraplyar måtte hentast fram under haustmarknaden i Lærdal. Foto: Anne Karin Skjær.
BLAUTT: Regnklede og paraplyar måtte hentast fram under haustmarknaden i Lærdal. Foto: Anne Karin Skjær.

Marknadshelg prega av mykje nedbør

Men dei enorme nedbørsmengdene la ingen dempar på arrangementet.

  • Endret

Regnet hølja ned som aldri før under Haustmarknaden i Lærdal i helga, men det la ingen dempar på arrangementet. Gode smaksprøvar, fine kurs og eit grønsakstorg få har sett maken til gjorde sitt til at dei var fleire lyspunkt i det dårlege vêret.

Ikkje minst smakte det godt med ferske eplekaker som var med i konkurransen om å bli kåra til marknadens beste kake. 

Sjå fleire bilete frå haustmarknaden HER

Det kom inn ni kaker til konkurransen, som er noko mindre enn i fjor. Arrangørane er likevel god nøgde med bidraga, og publikum sette stor pris på å få ein smaksprøve av dei ulike sortane.

Tradisjonell eplekake vann

Det varierte frå kremkaker med eplegelé på toppen, til marengs og nøttefyll toppa med most eplesyltetøy. 

Det var likevel ei tradisjonell eplekake som stakk av med sigeren. Den utmerka seg med ein særskilt god kryddersmak, og juryen var samstemte om at dette var vinnaren.

Lærdalsjenta Solveig Hope var godt nøgd med fyrsteplassen og kunne leggje til at ho var svært glad i å bake. På ein solid andreplass kom Marit Eri, og ein bakeglad mann frå Borgund Åge Årdal sikra seg tredjeplassen.

– Sunn matglede

Det handla naturlegvis mykje om mat under Haustmarknaden, og «Smak av Sogn» hadde difor invitert til matseminar med den kjente bloggaren Linda Stuhaug, som snakka om sunn matglede i Lærdal kulturhus.

Stuhaug kunne fortelje at mykje av livet hennar hadde vore prega av eit kosthald som varierte frå det heilt fanatiske når det gjaldt trening og kaloriar, til i dag der ho tilstreba å lage mat frå botn av.

Ho kom med fleire sunne alternativ til sukker og feitt og gode tips som dei vel 20 personane som hadde møtt opp fekk med seg.

Laurdagkvelden blei runda av med ost- og drikkekveld med Ciderhuset i Balestrand og Underdal stølsysteri, der dei frammøtte fekk høve til å smake på cider, plommedram og dessertvin.   

Til toppen