Marte Paulsen spelar hovudrolla i "Det gule tapetet" på Harastølen i sumar.

Marte Paulsen spelar hovudrolla i "Det gule tapetet" på Harastølen i sumar.


Marte (23) går rett frå skodespelarutdanning til debut i heimbygda

I den falleferdige etesalen på Luster Sanatorium, Harastølen, skal Marte Paulsen stå på scena i det psykologiske teaterstykket «Det gule tapetet».

Luster: Førestillinga på Harastølen i slutten av august blir hennar aller første sidan ho vart ferdig utdanna skodespelar. Ho vaks opp på prestegarden i Lustrabygda og etter tre år på dramalinja på Sandane gjekk turen vidare til Oslo og Bårdar Akademiet. 

– Eg har alltid hatt ei interesse for skodespel og det å vera nokon andre. Syster mi gjekk på Firda vidaregåande skule og då ville eg òg prøve. Det gav meirsmak, seier Paulsen.

Fødselsdepresjon 

Nokon andre må Paulsen vera når ho skal spela ei kvinne med alvorlege fødselsdepresjonar.

– Det er krevjande. Kvinna blir stengt inne i eit rom med gul tapet og ei seng. Etter kvart ser ho ei kvinne bak tapetet og denne kvinna pratar til ho. Heile stykket er ein slags duett mellom meg og ein dansar som skal uttrykka kjenslene til kvinna, seier Paulsen.

Det er Jeff Pedersen Produksjonar som set opp stykket. Pedersen sjølv er ikkje i tvil om at Harastølen er rette staden for Paulsen sin debut.

– Eg har lenge ynskja å bruka Harastølen til eit prosjekt. Når folk går rundt der prøver dei å førestilla seg kva som hende der og det er så overveldande at folk blir skremde. Bygningen skal hjelpa folk å oppleva stykket slik eg ynskjer, seier han.

Han er heller ikkje i tvil om at Paulsen vil meistra rolla som fødselsdeprimert.

– Ho spelar ei sterk rolle om ei kvinne og hennar psykologiske reise. I tillegg må ho time teksten til musikk og rørsler frå dansaren. Det er krevjande men eg hadde ikkje gjeve ho rolla om eg ikkje trudde ho kom til å meistra den, seier han.

Trygg debut 

Paulsen er både spent og glad for at debuten hennar som skodespelar skal vera rundt folk ho kjenner godt.

– Det er spanande for eg veit ikkje korleis dei lokale kjem til å reagera på stykket, men eg håpar dei likar det like mykje som eg. Ikkje minst kjennest det trygt for meg at debuten min blir på ei scene framanfor heile bygda.

Ho er takksam for moglegheita ho har fått av Pedersen.

– Det er ei stor ære. Eg veit at ikkje alle som er nyutdanna får prøva seg på scena med ein gong, så eg er svært takksam for at Jeff har gjeve meg denne sjansen. Han var læraren min i skodespelarteknikk så eg kjenner meg trygg på han og det er viktig for meg når eg skal gjera noko så stort.

Spesiell oppleving

No håpar ho og Pedersen at folk frå heile landet vil ta turen til Luster og Harastølen i byrjinga av august.

– Det er jo siste sjansen ein har til å sjå Harastølen sånn som det er no, før det eventuelt blir hotell. Bygget er jo ei oppleving i seg sjølv og no blir det ekstra opplevingar der oppe med teater i tillegg. Eg trur det blir kjekt for alle, seier Paulsen.

Pedersen lovar at det blir mykje liv og røre i tillegg til teater.

– Me skal by på guida turar, utstilling, filmframsyning om natta, matservering, konsert, og høve til å overnatta i telt rundt bygget.

No skal Paulsen bruka månadane fram mot sumar og debut på øving.

– Eg har så lyst å leva av dette så no brukar eg all tid på å øva og setta meg inn i rolla. Eg trur dette blir både spanande og skummelt. Fy søren så eg gler meg, seier ho.

Til toppen