NY JOBB: Marte Gjerde frå Jostedalen er ny nasjonalparkforvaltar for Jostedalsbreen.
NY JOBB: Marte Gjerde frå Jostedalen er ny nasjonalparkforvaltar for Jostedalsbreen. (Foto: Privat)

Marthe Gjerde er ny nasjonalparkforvaltar for Jostedalsbreen

Det kjem fram i ei pressemelding frå Jostedalsbreen nasjonalparkstyre.

Luster: – Det er med glede vi kan ønskje Marthe Gjerde velkommen som nasjonalparkforvaltar for Jostedalsbreen, seier styreleiar Ivar Kvalen. 

Gjerde vil starte i arbeidet for nasjonalparken den 1. juli med kontorplassering nær verneområdet, på rådhuset i Luster, og er den eine av to i sekretariatet for Jostedalsbreen nasjonalparkstyre.

Ein erfaren naturvitar 

Ein erfaren naturvitar med stor innsikt i geologiske prosessar, god lokalkunnskap og erfaring frå arbeid med reiseliv og formidling vil bidra til å forsterke arbeidet vårt til det beste for natur, folk og bygdene rundt breen, i følgje Kvalen.

– At Marthe er oppvaksen i Jostedalen, nær nasjonalparken, gjer at ho allereie kjenner store delar av verneområdet som si eiga bukselomme. Det er kort veg til Sunnfjord og Nordfjord når ein allereie kjenner Sogn godt.

26 søkjarar til stillinga 

Det var mange som søkte på stillinga då Fylkesmannen lyste ut det toårige vikariatet i mars. Med 26 søkjarar var det mange å velje mellom.

– Me kunne ha tilsett fleire av søkjarane, seier Eline Orheim, seksjonssjef for naturmangfald hos Fylkesmannen i Vestland.

– Me er glade for at Marthe Gjerde takka ja. Ho har lang erfaring frå formidling til publikum og studentar, har innsikt i turistnæringa, og ikkje minst har ho skikkeleg solid kunnskap om kvartærgeologi og klimaendringar, seier Orheim.

– Dette vil fylle ut den samla kompetansen me har hos nasjonalparkforvaltarane våre i Vestland, og bli del av det gode arbeidsmiljøet me har hos miljøavdelinga hos Fylkesmannen.

Har doktorgrad i kvartærgeologi 

Marthe Gjerde kjem frå jobben som førsteamanuensis i naturfag ved Høgskulen på Vestlandet. Ho fullførte doktorgraden i kvartærgeologi ved Universitetet i Bergen 2016, og har vore tilknytt Bjerknessenteret for klimaforskning og Universitetssenteret på Svalbard.

I doktorgraden rekonstruerte ho fortidsklima og brevariasjonar ved å analysere sedimentkjernar frå bresjøar, og hadde professor Atle Nesje frå Olden som viktig samarbeidspartnar.

– Med kunnskap om geologi og klimaforhold i nasjonalparken håpar eg dette kan kome til nytte i stillinga, seier Gjerde. Sidan eg er oppvaksen i Jostedalen kjenner eg både til kvartærgeologien i Indre Sogn og på Vestlandet generelt.  

Styreleiar er godt nøgd 

Styreleiar Kvalen er godt nøgd med å ha fått kompetanse om bresystem og klimaendringar inn i sekretariatet.

– Dette treng vi for å bu oss på framtida, seier han.

Marthe Gjerde vil, i lag med nasjonalparkforvaltar Tor Arne Hauge, utgjere sekretariatet for Jostedalsbreen frå sommaren av. Marte Gjerde går inn i vikariatet til Maria Knagenhjelm, som har ei toårig prosjektstilling knytt til frivillig skogvern hos Fylkesmannen.  

Dei viktigaste oppgåvene framover blir sluttføring av forvaltningsplan, besøksstrategi og besøksretta nettsider med informasjon om verneområdet.

Til toppen