BLIR NEDSLAKTA: Haakon Skjerdal meiner tiltaka som er sett i verk mot skrantesjuka er meiningslause.
meiningar
BLIR NEDSLAKTA: Haakon Skjerdal meiner tiltaka som er sett i verk mot skrantesjuka er meiningslause. (Bilde: SNO-Aurland - rovviltseksjonen)
meiningar

Massakre av villreinstamme i Nordfjella: Fornuftig – eller statsautorisert miljøkriminalitet?

– Mi bøn til dei som bestemmer, er primært å overlate til naturen sjølv å ordne opp, samstundes som ein følgjer nøye med på utviklinga, skriv Haakon Skjerdal i dette innlegget.

Meiningar: Wikipedia definerer omgrepet massakre som ei bevisst handling der ein eller fleire personar drep et større tal menneske eller dyr. Andre tilsvarande uttrykk er: «blodbad», «nedslakting» og «massedrap».

Eg har tvilt meg fram til å bruke omgrepet massakre i dette lesarbrevet, både fordi det er så enormt sterkt negativt ladd og fordi det på sett og vis stemplar jegerane som utfører dei tiltaka som styresmaktene har sett i verk på ein urettvis måte. Dei aller fleste jegerane er svært medvitne det store ansvaret det er å jakte og dermed avlive ville dyr  og utfører dette på ein human og god måte.

Eg har kladda på dette innlegget i ganske lang tid, i håp om at dei som har makt og mynde til det, ser det meiningslause i tiltaka som er sette i verk og dermed gjer om på eller stoggar dei. «Sanering» er omgrepet som styresmaktene nyttar og årsaka er innlysande slik eg ser det: Ordet sanering kjem av det latinske «sanare», som betyr sunn, og omgrepet blir brukt om å gjere sunn, særleg bringe (økonomiske føretak, private eller offentlege økonomiske forhold) tilbake på ein sunn og solid økonomisk basis (fritt frå Store Norske Leksikon). 

Eiga erfaring med jakt på villrein

For ein del år sidan hadde Hellbillies ein hit med tittelen Siste jakt: «I 40 år har eg jakta rein, trampa og trødd over myr og stein med ein mauser, og gamal rupesekk». Sjølv debuterte eg som reinsjeger då eg var berre 14 år og kunne såleis både kjenne meg att i og syngje til denne teksten. Ja, dette var før viltlova vart innført i 1981, så det låg ikkje noko lovstridig i det å starte så ung, snarare var det slik ein lærte seg å jakta i tidlegare tider, saman med far eller ein annan jaktkunnig vaksen.

Det var forresten på denne jaktturen eg skaut den første reinen min, ein velvaksen bukk som seinare utgjorde hovudmenyen i min eigen konfirmasjon. Den kvasse Skjersdalseggi, der nett denne jakta fann stad, ligg mellom Leimsdalen og Skjersdalen,  og til liks med dei mange andre eggene her: Leimsdalseggi, Fagerdalseggi og Voldedalseggi, endar ho opp på Blåskavlaplatået. Dei mange fangstanlegga i området, med dyregraver, bægjemurar og bogastille, vitnar om at her har det vorte veida rein sidan dei første dyra kom hit etter den siste istida. I farne tider var villreinen ein nødvendig ressurs i det gamle og på mange måtar karrige bondesamfunnet. 

Kvifor reagerer eg på dei vedtekne tiltaka?

No jaktar me ikkje lenger rein fordi me manglar mat. Nei, den tida er for lengst forbi. I vår tid er det jaktopplevinga som er den sentrale drivkrafta. Spenninga i det å traska i høgfjellet, på leit etter dyra i deira eige habitat og å koma seg så nær innpå dei at ein kan løyse skot på ein god og trygg måte, er noko heilt eige og visseleg vanskeleg å fatte for ein som ikkje har prøvd det. Sjølv har eg fått nyte dette privilegiet i 55 år, så når eg i denne artikkelen går så hardt ut som eg gjer mot det eg vel å kalle statsautorisert miljørasering, ber eg ikkje for mi eiga sjuke mor, som ordtaket seier. Nei, det er denne arrogansen og skråvissa som provoserer meg: dei som har vedtaksmynde i denne saka, tykkjest å vera immune mot alt anna enn det dei sjølve har tenkt og forfektar; det er liksom det som er fasiten, utan omsyn til nye moment og problemstillingar som måtte dukka opp undervegs. Sjukdom blant ville dyr er eit vanleg, om ikkje utbreidd fenomen. Ville dyr blir sjuke og stundom blir dei ikkje friske att, men døyr. Charles Darwin forska mykje på evolusjonen i dyreverda, som mennesket òg er ein del av, og meinte å kunne slå fast at dei sterkaste individa. Dei som er best tilpassa den naturen og det miljøet dei lever i, vil alltid overleve, og såleis gradvis styrkje genane til rasen som heilskap. «Survival of the fittest» kalla Darwin denne evolusjonsteorien, som etter kvart har vunne status som rådande utviklingslære.

Bakgrunnen for tiltaka

CWD (Chronic Wasting Desease), eller skrantesjuke, som han blir kalla på norsk, er ein svært alvorleg sjukdom, som visseleg er eit trugsmål mot hjortedyra våre. Skrantesjuke vart påvist hjå ei villreinsimle i Nordfjella i mars 2016. Sidan dette var det første dokumenterte tilfellet av sjukdommen hjå hjortedyr i Europa, vart det, rimelegvis, slege alarm hjå viltstyresmaktene. Skrantesjuke er ein smittsam prionsjukdom som rammar hjortedyr og så vidt ein kjenner til i dag, er skrantesjuke alltid dødeleg for dyr som blir smitta. Dersom ein var rimeleg sikker på å greie å utrydde smitten innafor eit avgrensa område, så ville det logiske såleis vere å setje i verk tiltak med det som mål. Dette er òg argumentasjonen som blir nytta som forsvar for å avlive all villrein i Nordfjella villreinområde. Kvar smitten har kome frå blir reine spekulasjonar, så det spørsmålet let eg liggje her, men dei som forskar på CWD, tykkjest i alle fall vera samde om at smittestoffa er svært hardføre og såleis toler både koking og frysing. Så langt i 2016–17  er det totalt påvist 6 postive prøver. Positive i denne samanhengen betyr at prøvene har hatt smitten i seg. I det aktuelle området for sanering, Nordfjella, er det så langt i jakta 2017 teke langt fleire prøver enn i 2016, men ein har likevel berre funne 2 positive prøver og begge frå lymfekjertlar, noko som er mindre enn 0,5 prosent av dei dyra det er teke prøve frå. Desse to dyra vert ikkje diagnostiserte som sjuke dyr sidan det ikkje er funne CWD-prion i hjernen og det må vera lov å spørje seg (som mellom anna ein røynd veterinær gjer) om grunnen til at smitten ikkje spreier seg så raskt som frykta i reinsflokken, kan vera at desse dyra har ei naturleg utvikla motstandskraft mot å bli sjuke av CWD!

Tek ikkje inn over seg mangelen på auke i funn

Ein skulle tru at den manglande forventa opptrappinga i funn ville utløyse ein «time-out», eller tenkjepause hjå dei som styrer i denne saka. Men nei då, framleis er det slik at styresmaktene, i denne samanhengen Mat- og landbruksdepartementet, seinast  26. september stiller seg bak Mattilsynet si tilråding om ei rask, total utrydding. Dei svarar heller ikkje på eit brev som Nordfjella og Fjellheimen villreinområde har sendt, der ein set fleire spørsmålsteikn ved gjeldande vedtak.

Det som er ei gåte for meg, og fleire med meg, er at nokon i det heile kan innbille seg at det går an å utrydde smitten med dei tiltaka som alt er sette i verk eller er varsla skal setjast i verk. Nordfjella er eit økosystem som husar mange slags rovfuglar og rovdyr, i tillegg til hjortedyra, elg og hjort for det meste, som kryssar fram og attende i det same systemet, går det etter mi meining rett og slett ikkje an å isolere den smitten som måtte finnast der.

Kommunestyret i Aurland ber om snarleg evaluering

Det er etter mitt syn gledeleg at kommunestyret i Aurland har gjort eit samrøystes vedtak om å forfatta og senda eit skriv til ministaren Jon Georg Dale, der ein ber om at det på bakgrunn av prøveresultata av CWD i 2017, blir halde eit evalueringsmøte etter at den ordinære jakta i 2017 er over, og før statleg uttak startar. 

Det er lett å bli konspiratorisk oppi all frustrasjonen ein kjenner på i denne saka, og det skal ein vakte seg for. Eg dristar meg likevel til å trekkje fram ei nyhende frå NRK Trøndelag, som går ut på at Mattilsynet har opna for at tal tamrein i Trøndelag kan aukast frå 4500 til 5200 dyr, sjølv om skrantesjuke er påvist innafor reinbeitedistriktet sine grenser.

Mi bøn til dei som bestemmer er primært å overlate til naturen sjølv å ordne opp, samstundes som ein følgjer nøye med på utviklinga. Dei sterkaste individa overlever alltid og kan danne grunnlaget for ei stamme som utviklar resistens mot CWD.  I tillegg meiner eg at det å utrydde ei heil villreinstamme basert på eit så tunt avgjerdsgrunnlag som ein faktisk har til no, i beste fall er eit reint eksperiment der ingen kjenner utfallet og i verste fall er eit grovt overgrep mot miljøet.

Til toppen