Lærdal: «Både rett nedanfor Kuvelda og i Bruhølen er det lagt seg mykje massar som har fylt att fiskehølen og endra hovudstraumen på elva. Planane legg opp til å ta vekk massar ned til opprinneleg nivå. Elvebotn nedstraums Vollaelva, i Bruhølen, har heva seg om lag ein meter».

Dette skriv Jan Olav Møller, rådgjevar plan og byggesak i Lærdal kommune i referatet etter ei synfaring som vart gjort i Vollaelva midt i februar.
Det var under storflaumen hausten 2014 at sideelvva Kuvelda gjekk over sine breidder og kom med enorm kraft gjennom Tynjadalen. Dette førte til at vatnet grov opp og drog med seg store mengder finmassar – både naturlege massar frå den opphavelege elvekanten, og massar frå deponiet Statens Vegvesen har liggjande inne i Tynjadalen frå tida då Lærdalstunnelen vart bygd.

Finmassar har enda opp langt nedover i elva
Massane enda opp i hølane i Vollaelva, dei første hølane i Lærdalselvi frå der Kuvelda munnar ut i sjølve Lærdalselvi. Slike massar legg seg som eit hardt lag på botnen av elva, og gjer at laksen får problem med å gyta ettersom gyting skjer mellom steinar på elvebotnen.
I fleire av hølane har det også bygd seg opp ryggar av massar, eller heile elvebotnen har heva seg.

Grunneigarane i Vollaelvi har søkt om å fjerna om lag 900 kubikk massar på sørsida av Voll bru og om lag 3500 kubikk på nordsida nedanfor brua. Denne saka er framleis under handsaming.
Men problemet avgrensar seg ikkje berre til Vollaelva, forklarar Møller i referatet frå synfaringa med mellom andre grunneigarane, NVE, Statens Vegvesen, Østfold Energi og Fylkesmannen:
«Kommunen, fylkesmannen og NVE vil gjennomføre tilsvarande synfaringar for områda Molde, Eri og Øye, i tillegg til Tynjadalen i løpet av kort tid. Vollaelva har teke i mot grovmassane, medan finmassane har reist vidare til dei ovannemnde områda.»
Ser på fleire tiltak

Av referatet går det også fram at fleire tiltak kan bli aktuelle; mellom anna at massedeponiet som ligg att etter Lærdalstunnelen innst i Tynjadalen bør sikrast så ikkje det same skjer ved ein ny flaum.
«Statens Vegvesen har laga detaljplan for sikring av massedeponi, som dannar grunnlag for oppdrag lagt ut på Doffin (Den nasjonale kunngjeringsdatabasen for offentlege anskaffingar, journ.anm). Detaljplan vert grunnlag for byggesøknad til kommunen», skriv Møller.
Vidare blir det vurdert å byggja opp sokalla fangdammar i Kuvelda langt nede i Tynjadalen. Desse fangdammane skal stoppa massar som kjem med elva, slik at dei ikkje hamnar nede i sjølve Lærdalselvi.
Endring av straumen har skadd elveplastring i nærleik av E16
Dessutan ligg det mykje finmassar på sørvestsida av sjølve Lærdalselvi rett nedanfor munningen på Kuvelda. Om desse massane skriv Møller i eit brev til NVE region Vest:
«Elvekanten manglar naudsynt sikring/avslutting og det ligg mykje sand(finmassar) rett ved/i elva. Ved auka vassføring vil aktuelt areal vera svært utsett for erosjon og massetransport vidare nedover elva. (..) Lærdal kommune ber om at NVE ferdigstiller arealet på ein tilfredstillande måte som ivaretar omsyna i høve å hindre erosjon og massetransport, samt ivaretek miljøet.»
Artikkelen held fram under biletet

Når det blir aktuelt med uttak av massane frå Lærdalselvi er førebels uklart; her skal omsyn til både gyting og variasjonar i vasstand vurderast opp mot kvarandre.
«Tiltaka må sjåast i samanheng med kvarandre, samt med forvaltningsplan for Lærdalsvassdraget som kommunen no arbeider med. Vidare vert det viktig at heile elva vert sett i samanheng. Erfaringar som blant anna Østfold Energi har, er at areal vert fyllt opp att etter kort tid, dersom ein ikkje ser heile elva i samanheng», skriv Møller.
Massar som kom med Kuvelda under flaumen i 2014 har også lagt seg som ein «rygg» midt i sjølve Lærdalelvi der Kuvelda munnar ut. Dette har ført til at straumen i Lærdalselvi har vorte endra i dette området så straumen treff muren på nordaustsida av elvi, rett under E16 nokre titals meter ovanfor Voll bru
«Dette har medført at elva har gravd inn under elveplastringa ved Vollabrua mot E16. Ved flaum vil E16 dermed vera utsett», står det i referatet