MAKABERT SYN: Eit hundretals svarthå vart i går funnen med buken opp i Lærdalsfjorden. Det er ikkje det første tilfellet av massedød for denne minihaien i Indre Sogn. Foto: Jan Christian Jerving.
MAKABERT SYN: Eit hundretals svarthå vart i går funnen med buken opp i Lærdalsfjorden. Det er ikkje det første tilfellet av massedød for denne minihaien i Indre Sogn. Foto: Jan Christian Jerving.

Massedød av småhai vekkjer oppsikt

Får ekspertane til å klø seg i hovudet.

Lærdal: Svarthå er ein liten hai og eit naturleg innslag her inne i fjordane våre. Men synet som møtte oppsynsmannen i går var alt anna enn naturleg.

Eit hundretals svarthå låg livlause og med buken opp i fjøresteinane i Erdal inst i Lærdalsfjorden. Tidlegare har det blitt gjort liknande funn, mellom anna i Underdal i Aurland.

EIT LITE MYSTERIUM: Førebels er det ingen sikre svar på kva som får minihaien til å døy i hopetal.
EIT LITE MYSTERIUM: Førebels er det ingen sikre svar på kva som får minihaien til å døy i hopetal.

– Det har etter kvart dukka opp fleire slike historier i Indre Sogn. Kva som får dei til å stryke med, det veit vi ikkje heilt, seier Rein-Arne Golf i Statens naturoppsyn.

Les også: Kobbeunge i småbåthamna

Tidlegare har han sendt inn prøver til Veterinærinstituttet i Bergen, utan at det vart påvist sjukdom. Ein teori er at det har oppstått ei sterkt lag med ferskvatn i fjorden som svarthåen har rota seg bort i. Det har igjen påverka oppførselen til fisken og fått han til å gå opp i strandkanten.

– Det er greit for oss å registrere funna, men viss det er naturlege årsakar til at fisken har døydd, så bør det ikkje vere grunn til uro, seier Golf.

 

Til toppen