MASSEDØD: Mellom Naddvik og Fodnes er det gjort funn av massedød av svarthå. Det er tidlegare gjort liknande funn i Lærdalsfjorden. Førebels er det ingen sikre svar på kva som får minihaien til å døy i hopetal.
MASSEDØD: Mellom Naddvik og Fodnes er det gjort funn av massedød av svarthå. Det er tidlegare gjort liknande funn i Lærdalsfjorden. Førebels er det ingen sikre svar på kva som får minihaien til å døy i hopetal. (Foto: Inger Karin Dyrnesli)

Massedød av svarthå utanfor Årdal

Mellom Naddvik og Fodnes er det funne tusenvis av død svarthå. Førebels er det ingen sikre svar på kva som får minihaien til å døy i hopetal.

Fakta om svarthå

I følgje Wikipedia er svarthå ein liten hai som har to ryggfinner som begge er forsynt med ein pigg.

Svarthåen finst langs heile kysten, og lever på djup ned til 2490 meter.

Om hausten og vinteren er den observert så grunt som 15-20 meter djup. 

Svarthå er den minste haien i norsk farvatn.

Kjelde: Wikipedia.

Årdal: Laurdag vart det gjort funn av tusenvis død svarthå. Tidlegare er det gjort liknande funn i Lærdalsfjorden, men då i mykje mindre antal.

Terje Sandvik som tok biletet seier til Porten.no at svarthåen vart observert mellom kaien og eit naust utanfor Naddvik. 

– Svarthåen ligg lag på lag og dekkjer ei strandstrekning på om lag 15 meter, seier Sandvik.

Han legg til at det er svært liten variasjon i storleiken. 

– Dei er mellom 30 og 40 centimeter, og det er berre svarthå som ligg der seier han. 

Ukjent årsak

Porten.no har tidlegare skreve om liknande fenomen. I november 2016 vart det gjort funn i Lærdalsfjorden. Men den gangen i mykje mindre antal.

Les også: Massedød av småhai vekkjer oppsikt

Då låg det eit hundretall død svarthå med buken opp i fjøresteinane i Erdal. 

Rein-Arne Golf i Statens naturoppsyn sa til Porten.no då at det har dukka opp fleire slike historiar i Indre Sogn. Årsaka veit dei ikkje. 

Ein ekspert hjå Norsk institutt for naturforskning (NINA) som Porten.no snakka med søndag er også usikker på årsaka. Ein av grunnane kunne vera sjukdom eller oksygensvikt som gjer at svarthåen driv i land. 

Det har vore mykje spekkhoggarar i fjorden siste tida. I følgje eksperten jagar spekkhoggeren stimfisk, slik som sild, på land. Men sidan svarthå lev på botnen som åtseletar er det usikkert om svarthåen stimar. 

Til toppen