KJEDEKOLLISJON: Ulukka skjedde mellom Sælthun og Bjørkum på E16 gjennom Lærdalsdalen. Eit vogntog har truleg saksa på det særs glatte føret, medan dei som kom etter i tur og orden har kollidert i ulukkeskøyretøyet.
KJEDEKOLLISJON: Ulukka skjedde mellom Sælthun og Bjørkum på E16 gjennom Lærdalsdalen. Eit vogntog har truleg saksa på det særs glatte føret, medan dei som kom etter i tur og orden har kollidert i ulukkeskøyretøyet. (Foto: Sondre Dalaker/NRK)

Mann i 40-åra alvorleg skada etter massekollisjon i Lærdal i natt

Ein lastebil mista truleg kontrollen på glatta, og vart køyrt inn i av fire andre vogntog og ein personbil. To personar er skada, ein alvorleg.

Lærdal: I to-tida i natt var fem lastebilar og ein personbil involverte i ein massekollisjon på E16 i Lærdalsdalen. Naudetatane og luftambulanse rykka ut til staden, og vegen vart stengt i mange timar.

Helsepersonell på staden rapporterte tidleg om to skada personar, begge fekk tilsyn på staden. Seinare vart det opplyst at føraren av personbilen, ein 45 år gamal mann, er alvorleg skada, medan føraren av eit vogntog er lettare skada. Begge vart frakta til sentralsjukehuset i Førde.

Klokka 02.41 var det meldt at alle dei involverte var ute av køyretøya.

Politiet trur at det eine vogntoget har sklidd og saksa på det glatte føret, og at at dei som har køyrt etter har kollidert inn i denne igjen. På åstaden såg det ut alle hadde kome i same retning, frå aust mot vest.

Det skal ha vore svært glatt då ulukka skjedde. 

– Det var ikkje vits i å bremsa, det gjekk rett fram og der stod det fleire bilar som hadde kollidert og saksa, fortel sjåfør Kai Roger Gjelsvik til NRK.

Han fortel at han hoppa ut av sjåførhytta og la på sprang for å ikkje bli treft av vogntoga som kom rundt svingen bak.

På sørsida av vegen er minst tjue meter av autovernet lagt flatt, noko som tyder på at minst ein av dei involverte har vore utanfor køyrebana. Det er òg spor i fjellveggen etter samanstøyten.

I femtida i natt vart det meldt at ulukkesstaden hadde blitt strødd, og to vogntog fjerna. Klokka 07.15 starta dei med manuell dirigering på ulukkesstaden, medan den vart open for fri ferdsle først klokka 07.51. Det er no skilta at det er fare for oljesøl i vegbana.

Til toppen