SLAGSMÅL: Natt til sundag var ein mann i 20-åra på veg heim frå Målrockfestivalen, då eit slagsmål braut laus. Årdal politi handsamer saka.
SLAGSMÅL: Natt til sundag var ein mann i 20-åra på veg heim frå Målrockfestivalen, då eit slagsmål braut laus. Årdal politi handsamer saka. (Foto: Arkiv)

Slagsmål etter Målrock meldt til politiet: – Hadde synlege skader i ansiktet og på kroppen

Fleire unge menn i 20-åra braka saman natt til sundag etter Målrock.

Årdal: Natt til sundag etter Målrock var ein mann i tidleg 20-åra på veg heim. Der braut det laust eit slagsmål kor fleire menn utsette vedkomande for vald.

Tysdagen etter festivalen tok den unge mannen kontakt med politiet og anmeldte hendinga. Alle dei involverte er menn i 20-åra.  

– På tysdag fekk me ei henvending frå ein ung mann som hadde vore utsett for ei uønska hending der han fekk juling. Han hadde møtt ein del ungdom, og det blei ein slåsskamp ut av det, seier Magne Knudsen, lensmann ved Årdal Lensmannskontor.

Knudsen: – Alle er identifisert og avhøyrt

Politiet opplyser at den fornærma mannen oppsøkte lege etter at han anmeldte hendinga. 

FÅ HENDINGAR UNDER MÅLROCK: Lensmann i Årdal, Magne Knudsen, var nøgd med å hendingar under Målrock, så fekk dei melding om eit masseslagsmål. Foto: Arkiv

– Han hadde synlege skader i ansiktet og på kroppen då han tok kontakt med oss tysdag, seier Knudsen. 

Politiet hadde lite å gå på utifrå informasjonen dei fekk inn ved anmeldinga. Det vart difor utført ei utspørring i området onsdag.

Etter utspørringa fekk politiet identifisert dei aktuelle personane og foretok avhøyr av alle involverte, og dei som sloss har kome med si forklaring. 

– Det var ein person som var blitt utsett for vald ifrå fleire. I slike saker så er det forskjellige versjoner av kven som starta, men det får jurist ta stilling til, seier Knudsen. 

Politiet vil få rapport frå legen, og saka vil gå vidare til jurist i Florø.

Til toppen