ELDSJELER: Medlemmar av Årdalstangen Musikklag har mykje å henge fingrane i under Målrock-festivalen. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
ELDSJELER: Medlemmar av Årdalstangen Musikklag har mykje å henge fingrane i under Målrock-festivalen. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Massiv dugnadsinnsats

Med eit mannskap på 70 friviljuge i aksjon på festivalområdet til Målrock kvar konsertkveld, går ting unna. I tillegg vert både festivalcampen og matserveringa der drifta av lokale eldsjeler.

Festivalsjef Katrine C. Fredheim har tidlegare sagt til Porten.no at det ikkje hadde vorte festival utan dugnadsgjengen som stiller opp kvart år. 

LES OGSÅ: Grusa tidlegare rekordar

Johnny Svåi, leiar i ÅTIL, er med i gruppa som organiserar den praktiske gjennomføringa av dugnadsarbeidet kring Målrock-festivalen.

– Dette er ei samkjøring med Jotun IL der me delar likt på arbeidsmengda, seier han.

Foreldre på dugnad

På festivalområdet gjer dei seg til kjenne i lyseblå t-skjorter skilta med "vakt", og dei held området ryddig og passar på at ting går riktig føre seg. Målrock har eit eige vaktselskap som tar seg av ulike situasjonar som kan oppstå når fleire tusen personar samlast inne på eit slikt område. Det er derimot ingen tvil om at dei friviljuge vaktene på dugnad óg avvergar situasjonar som kan utarte seg til noko meir. 

– For kvar festivalkveld treng me 70 personar som kvar jobbar 8 timar. Dette er foreldre med born som er medlem av ÅTIL og Jotun IL, og andre ressurspersonar som ynskjer å delta, fortel Svåi.

Vidare fortel han at til opp- og nedrigging av scene og telt brukar dei rundt 20 timar totalt, fordelt på 20 personar.

Det har vel blitt nokre dugnadstimar på deg og i det siste?

– Nja, eg kjem nok opp i nærmare 100 timar om ein legg saman alt av arbeid som er gjort dei siste vekene, smiler Svåi før festivalen byrja i Meieriparken. Han legg til at han jobbar dagtid i tillegg, men at han har fått litt fri frå jobben innimellom slik at han kan hjelpe til med opprigging.

– Dette er noko som skjer ein gong i året, og det er ein positiv happening for heile bygda. Det gjev oss motivasjon til å jobba på dugnad, og i tillegg er det til inntekt for laget, seier han.

Matservering

Årdalstangen Musikklag står for frukost og nattmat rett ved sidan av festivalcampen. Då Porten.no helste på dei laurdag føremiddag, kunne ein få kjøpt steikt egg og bacon, karbonade, bakt potet eller potetgull og anna snacks. 

– Dette er bryet verdt. Det er eit godt bidrag til økonomien i musikklaget, seier Odd Øren. 

Det er ikkje berre mat og drikke dei serverar då bakfulle festivalcamparar sakte, men sikkert kjem fram til serveringsteltet. Musikklaget gjev dei råd om kva type mat som er bra når formen ikkje er heilt på topp, og passar på at alle har det bra. Dette er noko dei har fått skryt for tidlegare, og dei har fått tilbakemeldingar på at eit slikt tilbod er sjeldan å finne på andre festivalar i Noreg.

Sjølve festivalcampen vert drifta av Vikadalen Ungdomslag, og også her jobbar medlemmane friviljug til inntekt for laget. Saman med serveringa til musikklaget gjev dette festivaldeltakarane eit komplett tilbod med overnatting og mat. 

Til toppen