Aurland: Naudnettet i Sogn og Fjordane vart offisielt opna i november i fjor, og éi av naudnettmastene vart sett opp på Skjerpi i Nærøydalen.
Etter kvart viste det seg at masta og ein tilhøyrande bygning er plassert ti meter innanfor Nærøyfjorden landskapsverneområde. No har Miljødirektoratet bestemt at anlegget skal flyttast, skriv Aurlendingen.
Allereie i juni i 2014 gav Aurland kommune Technogarden AS løyve til å setja opp masta, men på grunn av grunntilhøva valde selskapet i god tru å plassere masta ein litt annan stad.
Ti meter innanfor
Den andre staden er ti meter innanfor verneområdet, noko Nærøyfjorden verneområdestyre ikkje godtok då dei avslo søknaden frå Technogarden om å late masta stå.
Vedtaket vart klaga inn til Miljødirektoratet som no seier at anlegget skal flyttast innan den 30. juni.
Det er ikkje heilt visst kor mykje det vil kosta å flytte masta, men ein sum på éin million kroner er nemnt. Ikkje nok med det, sidan masta skal flyttast nedover i terrenget, må det truleg kompenserast med ekstra lengde på masta.