GOD STEMNING: Latteren sat laust under fagdagen i Lærdal kulturhus fredag, der næringsliv møttest for å dele inspirasjon og kunnskap med kvarandre. Fagdagen var i regi av Smak av Sogn. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Mat som attraksjon

Korleis kan mat, reiseliv, landbruk og opplevingar knyttast saman? Fredag var inspirasjon og nettverksbygging i høgsetet då omlag 50 personar deltok på fagdag i regi av Smak av Sogn.

Lærdal: Målsetjinga med denne fagdagen var å gje inspirasjon til profesjonelle aktørar, gründerar og andre som er interessert i mogelegheitene kring utvikling av lokale matopplevingar.

Ordet lokalt omhandlar i dette tilfellet heile Sogn og Fjordane, og fleire delar av fylket var representert i Lærdal kulturhus denne fredagen. Hovudvekta av deltakarane var aktørar frå næringslivet, men og studentar frå reiselivslinja i Sogndal hadde tatt turen.

Utfordra dei lokale

Smak av Sogn har utfordra fire bedrifter i matbransjen, deriblant Tya Bakeri i Årdal, til å bruke utvalde ingrediensar og trylle fram nokre lekre anretningar.

MATNERD: Ho kallar seg sjølv matnerd, og ynskjer større fokus på lokal mat og kva mogelegheiter produsentar og næringsliv har.
MATNERD: Ho kallar seg sjølv matnerd, og ynskjer større fokus på lokal mat og kva mogelegheiter produsentar og næringsliv har.

– Me ville utfordra nokre lokale aktørar for å syne fram kor heldige me sogningar er som har så lett tilgang på frukt og grønt, og kva det faktisk kan brukast til, seier Helene Maristuen, styreleiar i Smak av Sogn.

Ut av råvarene bringebær, moreller og gulrot frå Lærdal, kunne Tya Bakeri avduke ei gulrotkake, ei bringebærmoussekake med mandelbunn og bringebærgele, gulrotrundstykke, gulrotbrød og brioche med vaniljekrem og moreller. 

Artikkelen held fram under biletet. 

UTFORDRING: Tya Bakeri fekk tildelt blant anna bringebær frå Lærdal, og fekk i oppgåve å lage eit produkt basert på dei lokale bæra.
UTFORDRING: Tya Bakeri fekk tildelt blant anna bringebær frå Lærdal, og fekk i oppgåve å lage eit produkt basert på dei lokale bæra.

Fjerde gong

– Bakgrunnen til deltakarane er variert, og ytterpunkta her i dag må vere Trond Einemo som er i startfasen med utvikling av ein låve for ulike arrangement og tilstelningar, og på den andre kanten har me Borgund stavkyrkje med 35.000 gjestar i året, seier Maristuen.

Smak av Sogn er ein møtestad for produsentar av lokal mat og reiselivsnæringa i Sogn med mål om å inspirere kvarandre, utvikle nettverk og auke kjennskapen til korleis å bruke dei lokale råvarene best mogleg. Dette er fjerde gong fagdagen og samarbeidet med Haustmarknaden i Lærdal går av stabelen.

Mat som identitetsbyggar

Ein av foredragsholdarane denne fredagen var Torstein Hatlevik frå hotellet Haaheim Gaard som ligg i Uggdal, Tysnes kommune, i Hordaland. Tilknytta hotelldrifta har dei eigen gardsbutikk med eit utval av lokal mat frå distriktet og deira eigen hage.

Artikkelen held fram under biletet.

UTVIKLINGSPOTENSIALE: Torstein Hatlevik ser potensiale i det meste, og kjem med ei rekke gode tips til alle som vil utvikla noko unikt innan lokal og kortreist mat.
UTVIKLINGSPOTENSIALE: Torstein Hatlevik ser potensiale i det meste, og kjem med ei rekke gode tips til alle som vil utvikla noko unikt innan lokal og kortreist mat.

I tillegg til å fortelje kva suksessfaktorar dei har brukt, kom Hatlevik med konkrete tips til dei i salen om korleis å bruke mat som identitetsbyggar. Ved å knytte historiar opp til produkta og gje menyane ein tydeleg identitet, skil ein seg ut i mengden og får merksemd for det unike. 

– Det er ikkje nødvendigvis sunn mat som er den nye trenden no. Folk brukar gjerne fløyte, men det må vera riktig mat. Altså rein og kortreist mat, sa Hatlevik til lyttarane i salen.

TREND: Kjell Tore Grøthe er dagleg leiar i Kort&Godt i Lærdal, og merkar den aukande interessa for lokal mat.
TREND: Kjell Tore Grøthe er dagleg leiar i Kort&Godt i Lærdal, og merkar den aukande interessa for lokal mat.

Betyr mykje

Kortreist mat og lokale råvarer er i vinden for tida, og Kjell Tore Grøthe, dagleg leiar i Kort&Godt i Lærdal, merkar godt den aukande trenden. 

– Det betyr veldig mykje med kortreist mat, og det er stor interesse for lokal mat blant folk. Utfordringen ligg i å ha nok produsentar tilgjengeleg, seier Grøthe. 

Til toppen