GRØNSAKER: Brekke Bygdekvinnelag meiner fleire av oss vil ha stor nytte av å vite korleis vi set poteter og dyrkar gulrøter.
GRØNSAKER: Brekke Bygdekvinnelag meiner fleire av oss vil ha stor nytte av å vite korleis vi set poteter og dyrkar gulrøter. (Foto: Norges Bygdekvinnelag)

MEININGAR

Matberedskap i fellesskap

– Vi som samfunn treng eit felles løft for å auke produksjonen av det som det ligg godt til rette for å produsere i Norge, skriv Brekke Bygdekvinnelag i innlegget.

Meiningar: Det er på tide at vi tar norsk sjølberging og beredskap på større alvor. Det har koronapandemien effektivt minna oss om. Ressursgrunnlaget for matproduksjon i Norge må nyttast fullt ut. Vi må skape auka forståing for verdien av å produsere mat i eige land og formidle kunnskap om bruk av gode råvarer i matlaginga.

Beredskap er eit felles ansvar. Det er positivt at det er aukande interesse for å dyrke grønsaker i eigen hage, i kassar, parsellar og på balkongar. Fleire av oss vil ha stor nytte av å vite korleis vi set poteter og dyrkar gulrøter. Det å investere i kunnskap og dyrkingskompetanse for alle er klokt og framtidsretta. Kunnskapen skapar forståing og respekt for dei som dyrkar maten vi eter, og gjer oss forbrukarar medvitne om korleis vi ønskjer at maten vår skal produserast.

Treng kompetanse og kunnskap

Handboren kunnskap om lokale mattradisjonar og tillaging av mat, som Norges Bygdekvinnelag arbeider for å formidle til nye generasjonar, er ein sentral del av beredskap.

Vi må ha kompetanse på korleis vi kan nyttiggjere oss den maten vi dyrkar der vi bur. Kunnskap om konserveringsmetodar som sylting, safting og salting kan forlenge lagringstida for maten. Kunnskap om ville vekstar og mangfald av arter kan gje oss eit breiare utval av råvarer som vi kan nytte til ulike formål. Kunnskap om korleis vi kan bruke heile slaktedyret og nytte dei ressursane vi har på best mogeleg måte, kan gje meir berekraftig produksjon og ikkje minst beredskap i praksis.

Støtt opp om norske produsentar

Vi har ein jobb å gjere for å sørgje for at det norske landbruket er levedyktig. Ein god måte å sikre at vi har ei trygg matforsyning i krisetid, er å kjøpe norske produkt i normale tider. Då vil ein få fleire bønder og større produksjon.

Vi som forbrukarar må støtte opp om små og store produsentar som lagar kortreist, trygg og sunn mat. Vi kan vere konsekvente på velje produkt med Nyt Norge–merket. Vi kan kjøpe norsk frukt og grønt i sesong, og vi kan etterspørje fleire norske produkt i butikkane.

Vi kan støtte opp om alternative handelskanalar og kjøpe lokale matprodukt på Bondens marknad, gjennom REKO-ring og frå gardsutsal. Vi kan vere medvitne kor viktig det er å ha eit jordbruk i Norge og på at vi treng eit mangfald av produsentar for å ha høg grad av sjølvberging.

Vi bør redusere trongen for importert mat. Det burde ikkje vere naudsynt å kjøpe matvarer frå andre land  dersom det er mogeleg å dyrke og lage desse her heime. Vi som samfunn treng eit felles løft for å auke produksjonen av det som det ligg godt til rette for å produsere i Norge.

Til toppen