Matematikkens dag på Farnes skule

Tal og figurar stod i fokus då alt dreia seg om matematikk tysdag.

Det var ein litt annleis dag for 7. til 10. klassingane ved Farnes skule tysdag. Då var det nemleg vekk med samfunnsfag, norsk og tysk og fram med matematikkunnskapane. 

Rundt omkring på skulen var det laga til åtte stasjonar, der ulike tema i matematikkfaget skulle løysast på både praktiske og teoretiske måtar.

Artikkelen held fram under biletet.

DISKUSJON: Mest mogleg praktiske oppgåver skal løysast med diskusjon og samarbeid, fortel Brede Stedje Ylvisåker.
DISKUSJON: Mest mogleg praktiske oppgåver skal løysast med diskusjon og samarbeid, fortel Brede Stedje Ylvisåker.

– Her har me laga ein kviss på dataen som er litt praktisk og litt teoretisk. Me har lagt opp til at elevane skal diskutera og krangla litt, men mest at dei skal komma fram til svaret ved å diskutera, seier mattelærar Brede Stedje Ylvisåker.

Han er ein av fire-fem lærarar som har sydd saman denne dagen.

– Me gjer dette for å gi elevane ein litt variert kvardag. Me prøver å laga oppgåvene mest mogleg praktisk slik at det ikkje berre blir teoretisk. Det er eigentleg det viktigaste, seier han.

Likar slike dagar

Det ser iallfall ut til at dagen fall i smak hjå elevane.

– Dette er meir morosamt enn det me gjer til vanleg. Matematikk er litt kjedeleg, men dette er betre enn vanlege fag, og så er det kjekt å vera ute, seier Andreas Skarsbø, som står ute i det litt overraskande snøvêret.

På hans stasjon skal elevane tippa kor lang 15 meter er og kor mykje éin kilo veg for så å sjekka med måleband og vekt om dei treff på tippinga.

Ylvisåker fortel at på ein av dei andre stasjonane skal ungdommen spele sjakk, etter som Magnus Carlsen er slik i vinden, men med litt andre reglar. 

Lærerikt

Elevane er delt inn i grupper på tvers av klassetrinna, noko dei også synest er kjekt.

– Eg synest det har vore veldig lærerikt og morosamt. Du får læra deg å samarbeida mykje meir, og ein får læra litt matte. Me, dei yngste, har ikkje hatt dette på barneskulen, så me får læra det litt no, seier Håkon Wigum.

– Det er veldig kjekt med dei som er eldre fordi dei har lært dette før oss og kan læra oss det, held han fram.

Nyttige kunnskapar

Matematikk er ikkje akkurat det mest populære faget, men det er ingen tvil om at slike kunnskapar er nyttig å ha med seg i kvardagen.

– Det er veldig viktig på fleire område. Du får faget uansett kva ein vel å gå på vidaregåande, så du drar det med deg bort tid. I tillegg er det greitt å vita viss ein er i butikken og det er 50 prosent avslag, kor mykje det blir. Det er ikkje alt ein treng, men ein del av det får du faktisk bruk for, seier Ylvisåker. 

Det innser Susanne Therese Neset Olsen.

– Dette er hyggelegare enn å sitja inne framføre skulebøkene. Eg trur matematikken blir ein stor del av kvardagen min, seier ho. 

– Det ser ut til at elevane likar det veldig godt. Matte er kanskje ikkje det mest populære faget, men eg føler at på denne dagen her kjem det fram i eit godt lys, avsluttar Ylvisåker. 

Til toppen