EIT AV FLEIRE: Lærdal sjukehus er ein av sjukehusa som no tilbyr over 15 prosent økologisk mat til pasientane.
EIT AV FLEIRE: Lærdal sjukehus er ein av sjukehusa som no tilbyr over 15 prosent økologisk mat til pasientane. (Foto: Arkiv)

Maten til Helse Førde er fyrst i landet med økologi-sertifisering

No er meir enn 15 prosent av råvarene i matforsyninga på Lærdal sjukehus og Indre Sogn psykiatrisenter økologiske. 

Indre Sogn: Som fyrste helseføretak i Noreg er Helse Førde tildelt Debio sitt valørmerke i bronse. Det kjem fram i ei pressemelding.

Dette skjer etter at sjukehuset er først i landet med å dokumentere at meir enn 15 prosent av råvarene i matforsyninga er økologiske.

Ei Debio-godkjent serveringsbedrift tilbyr råvarer som er dyrka med omsorg for jordliv og miljø, frå landbruk og havbruk som tek spesielt omsyn til plante- og dyreliv i naturen.

Utmerkinga omfattar Førde sentralsjukehus, Nordfjord sjukehus, Lærdal sjukehus, Indre Sogn psykiatrisenter og Psykiatrisk klinikk Tronvik.

Fleire års arbeid

Tildelinga av Debio bronsemerke heng høgt innan både privat og offentleg serveringsbransje i Norge.

– Vi har arbeidd i fleire år for å auke bruken av økologiske råvarer i kjøkkena våre, seier avdelingssjef for matforsyning i Helse Førde, Torstein Solset.

– Difor er det ekstra kjekt å få dokumentasjon på dette arbeidet, attpåtil som første helseføretak i landet. Så vi håpar verkeleg at dette er noko brukarane våre set pris på, seier Solset.

Meir økologiske råvarer

Bruken av økologiske råvarer i Helse Førde har auka dei siste åra, og er ein del av Helse Førde sitt arbeid med Grønt sjukehus.

Føretaket vart første gong sertifisert i 2014 som «Grønt sjukehus» etter ISO 14001. Dette som ledd i arbeidet med generelt samfunnsansvar, der miljøpolitikk og miljømål i føretaket spelar ei viktig rolle.

Grundig revisjon

Tildelinga av Debio valørmerke skjer etter grundig revisjonsarbeid frå kvalitetsrevisor i Debio, der mellom anna dokumentasjon av driftsbeskrivelse og matproduksjon er sentralt.

Rutinar for mottak, handtering og lagring av økologiske produkt, nødvendig innkjøpsdokumentasjon og gjennomgang av føretaket sine leverandører på økologiske råvarer.

Helse Førde har eit årleg matbudsjett på 15,7 millionar kroner, og av dette utgjorde innkjøp av økologiske råvarer drygt 2,7 millionar kroner.

Til toppen