I KJØLESKAPET: I kjøleskapet til Marius Dalen er det få gamle matvarer. Ein gammal purre og noko opna hermetikk finn han likevel. FOTO: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix / NPK
I KJØLESKAPET: I kjøleskapet til Marius Dalen er det få gamle matvarer. Ein gammal purre og noko opna hermetikk finn han likevel. FOTO: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix / NPK

Maten vi ikkje et

Kvar femte berepose med mat blir kasta. No går regjeringa og matbransjen saman om å redusere matsvinnet.

  • Endret

I kjøleskapet til Marius Dalen ligg nokre kokte poteter på ein asjett.

– Dei burde sikkert brukast i ein omelett ganske snart, seier han.

Ein gammal purre risikerer søpla. Noko hermetikk har stått faretruande lenge.

– Litt matsvinn blir det, medgir tobarnsfaren.

Likevel forsøkjer han å unngå det, ved å skrive handleliste til matinnkjøpet, ikkje kjøpe for mykje, ha restemiddagar innimellom og ete opp den halvetne maten til borna.

Kvar og ein av oss kastar i snitt 46 kilo mat i året – kvar femte berepose vi fyller opp og tek med heim, ifølgje miljøstatus.no. Og då er ikkje svinn i landbruket og det som blir kasta frå restaurantar og institusjonar, teke med i berekninga.

Matsvinn
Styresmaktene definerer matsvinn slik:

– Mat som blir kasta, men som på eit tidspunkt kunne eller skulle vore ete av menneske, til forskjell frå uunngåeleg matavfall som bein, skal, produksjonsrestar og liknande. For å produsere den maten som går i søpla i Noreg, blir det kvart år sleppt ut like mykje klimagass som det 160.000 bilar gjer. Det vi kastar, kunne gitt tilstrekkeleg næring til rundt fem millionar menneske, ifølgje matforskingsinstituttet Nofima.

Artikkelen held fram under biletet

GRØNT: I tillegg til bakarvarer blir det kasta mest frukt og grønt.
GRØNT: I tillegg til bakarvarer blir det kasta mest frukt og grønt.

Men no har styresmaktene og matbransjen underteikna ein intensjonsavtale om reduksjon av matsvinn. Initiativet skal bidra til å redusere miljø- og ressursproblema knytte til matsvinn og fremje ei betre utnytting av maten.

Eg har store forventningar til arbeidet med matsvinn framover. Dette er ein dugnad der både bransjen, staten og forbrukarane har eit ansvar, seier klima- og miljøvernminister Tine Sundtoft.

Innan sommaren 2016 skal intensjonsavtalen ha munna ut i ein konkret avtale, med konkrete reduksjonsmål.

– Burde gå lenger
Senterpartiet er positive til intensjonsavtalen, men meiner avtalepartane burde gått enda lenger.

– Vi meiner ein kan setje mål allereie no, seier Kathrine Kleveland, sentralstyremedlem i Senterpartiet.

Sp har derfor fremja eit forslag om å halvere matsvinnet frå nivået det er på i dag innan 2026, og dei ber regjeringa utarbeide ein plan for korleis eit slikt nasjonalt halveringsmål kan bli nådd.

Regjeringa har løyvd éin million kroner for 2015 til Matvett AS, som er satsinga næringslivet har for å redusere matsvinnet. Pengane skal blant anna gå til ei kartlegging av matsvinn gjennom heile matkjeda.

– Vi veit allereie at åtte av ti har dårleg samvit fordi dei kastar for mykje, og at vi kastar 300.000 tonn mat i året. No handlar det om å få ein plan, seier Kleveland, og viser til franskmennenes eksempel.

Artikkelen held fram under biletet

MATSØPPEL: Mat som er for gammal, eller som borna har kasta på golvet, hamnar i søpla hos Dalen.
MATSØPPEL: Mat som er for gammal, eller som borna har kasta på golvet, hamnar i søpla hos Dalen.

Forbod mot matsvinn
I Frankrike har styresmaktene eit mål om å halvere mengda mat som blir kasta innan ti år. Nyleg bestemte dei at alle dei store daglegvarekjedene skal donere mat til velgjerande organisasjonar, framfor å kaste den. I spørjetimen i Stortinget 3. juni spurde landbrukspolitisk talsmann i Ap, Knut Storberget, landbruksminister Sylvi Listhaug om dette kunne vore eit alternativ også i Noreg. Listhaug på si side svarte at ho heller vil fortsetje samarbeidet med bransjen, og peikte i tillegg på andre måtar det blir jobba på for å redusere svinn.

– Det blir gjennomført mange svinnreduserande tiltak i bransjen, som nye emballasjeløysingar, nedprising av varer med kort haldbarheit og nye produkt baserte på utsorterte råvarer. Opprettinga av Matsentralen i 2013 er også eit viktig element i arbeidet mot matsvinn, sa ho.

I fjor distribuerte Matsentralen 575 tonn mat, eller 3.000 daglege måltid, til trengande menneske i Oslo-området. Dette var mat som matbransjen elles ville ha kasta. I fleire byar i landet blir det no jobba for å etablere liknande matsentralar.

Kjøt versting
Frukt, grønsaker og bakarvarer utgjer dei største mengdene matsvinn, og 190.000 brød blir kasta i Noreg kvar dag. Sjølv om kjøt utgjer ein mindre del av matsvinnet, er det truleg den varegruppa som gir høgast økonomisk tap og størst utslepp av klimagassar, ifølgje Nofima.

Det er oss vanlege forbrukarar som samla står for det største matsvinnet. Dalen trur mange ikkje er bevisste på kor mykje dei kastar.

– Det seier noko om at vi har det veldig bra økonomisk, seier han.

Til toppen