PALLEKARMAR: Gartner Marianne Utengen har vorte meir interessert i å dyrke grønsaker dei siste åra. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix.
PALLEKARMAR: Gartner Marianne Utengen har vorte meir interessert i å dyrke grønsaker dei siste åra. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix.

Matplanter som ikkje skuffar

Du blir meir fornøgd med kjøkkenhagen din viss du vel robuste, produktive vekstar – som faktisk lever opp til dei våryre forventningane.

– Dei sikraste grønsakene er dei vi kan dyrke ute frå starten av, seier Marianne Utengen, gartnar i Det norske hageselskap.

Utengen har merka på seg sjølv at interessa for etelege planter meir og meir har tatt over for interessa for å dyrke blomster. Ho har eit såkalla vekstrom i kjellaren fullt av spirande tomatar, agurk, persille, koriander, basilikum, aubergine, stangselleri og chili, blant anna. Fleire pallekarmar i hagen skal fyllast med sjølvdyrka mat.

– Nybyrjarar kan gjerne starte med å så ute, heller for lite enn for mykje, slik at ein blir ivrig på å så meir neste sesong, seier ho.

Raudbeter (superenkelt), gulrøter (berre pass på at det er stor nok avstand mellom dei små frøa), løk, poteter og jordskokk er trygge planter.

Jordskokk er både villig og eksklusiv, han gir fleirårige knollar og blir hausta som poteten. Han gir dessutan fine, gule blomster som du kan nyte synet av før du haustar. Jordskokken er i slekt med solsikka, og blomstrane ser ut som små solsikker på høge, tynne stenglar.

Artikkelen held fram under biletet.

VEKST: Nokre av frøa sår du  inne, andre skal rett i jorda ute.
VEKST: Nokre av frøa sår du  inne, andre skal rett i jorda ute.

– Jordskokken er så villig at du skal vere sikker på at du vil ha han. Har du først sett jordskokk-knollar, blir dei i hagen, seier Utengen.

Ho rår deg òg til å finne ein jordskokk-sort som er minst mogleg knudrete. Da sparer du deg sjølv for mange timar når du skal skrelle dei.

Jordskokken skal haustast seint om hausten, men kan òg overvintre i jorda og takast opp tidleg om våren.

Nokre veker inne

– Somme planter er veldig greie å dyrke ute, men kan likevel ha godt av nokre veker innandørs først, seier Utengen.

Grønkål, squash, graskar, sukkererter og bønner er i denne kategorien.

Grønkål veks som andre kålplanter fort, og kan bli svært stor. Dermed treng du òg færre planter for å dekkje behovet. Grønkålen toler litt frost og kan haustast til langt utpå vinteren.

– Knutekål er det òg lite trøbbel med, seier gartnaren.

For å utnytte plassen i små blomsterbed kan du med fordel plante noko mellom grønkålplantene, for eksempel reddik, som blir innhaustingsklar på kort tid. Reddik kan du hauste allereie etter nokre få veker, og du bør ikkje vente for lenge heller, da blir dei trevlete og skarpe i smaken.

Artikkelen held fram under biletet.

BØNNER: Erter og bønner gir nitrogen til jorda, derfor kan du gjerne la røtene bli verande i jorda etter haustinga.
BØNNER: Erter og bønner gir nitrogen til jorda, derfor kan du gjerne la røtene bli verande i jorda etter haustinga.

– Alle kålvekstar, og gulrøter, bør dyrkast under fiberduk eller insektduk for å hindre skadar frå flygande insekt. Vatnet renn gjennom duken, og sjølv om han hindrar noko av sola, veks plantene godt under han, seier Utengen.

Potet og jordbær

Både squash, graskar og agurk høyrer til graskarfamilien og har store frø som spirer og veks fort. Dei kan såast i månadsskiftet april–mai i blomsterpotter med ein diameter på ni centimeter jord. Sett ned to frø per potte og fjern (eller plant om) den svakaste av spirene, tilrår André Strömqvist, forfattar av "Hageboka", som vart kåra til beste svenske hagebok i 2012, og som no har komme ut på norsk. Fruktene bør haustast når dei er små. Da er dei best.

Poteten veks òg villig.

– Kjøp reine, såkalla statskontrollerte settepotetar, frå eit hagesenter, da sikrar du deg mot ein del sjukdom, seier Utengen.

La gjerne potetane gro litt i vindaugekarmen først, til dømes i eggkartongar. Hugs å hyppe potetane (skuve jord opp rundt stengelen) når bladverket har vorte omtrent 15 centimeter høgt.

Artikkelen held fram under biletet.

ORDSKOKK: Prøv å finne sortar som er minst mogleg knudrete, så sparer du deg for litt arbeid med skrelling. Her er to ulike  sortar.
ORDSKOKK: Prøv å finne sortar som er minst mogleg knudrete, så sparer du deg for litt arbeid med skrelling. Her er to ulike  sortar.

Setteløk bør du òg kjøpe frå hagesenter for å hindre at sjukdom følgjer med løken. Løken kan likevel fint plantast rett ut i jorda.

Grasløk er saman med persille noko av det enklaste du kan dyrke.

– Har du jord, kan du dyrke urter. Det lettaste er å starte med ferdige planter, det å så sjølv tar lang tid, seier Utengen.

Ho går vidare på lett-lista: Jordbær.

– Men eg ville ikkje sådd jordbærplantene sjølv. Det tar lang tid. Store planter kan gi bær allereie i år, seier ho.

Salat

Det finst eit stort utval salatar du lett kan dyrke fram.

– All salat som heiter noko med "plukk", er kjempegøy. Da tar ein berre blad som er store nok, så får salaten fortsette å vekse, seier Utengen.

Rucola, som eigentleg er ein kålplante, kan du så gjennom heile sommaren og plukke etter kvart.

Strömqvist tilrår ein sort som heiter "Royal Oakleaf", ein plukksalat som er dyrka sidan i alle fall slutten av 1600-talet.

Artikkelen held fram under biletet.

FØRKULTIVERING: Dei plantene du lettast lykkast med, er dei du sår rett i jorda. Mange har likevel godt av nokre veker inne først.
FØRKULTIVERING: Dei plantene du lettast lykkast med, er dei du sår rett i jorda. Mange har likevel godt av nokre veker inne først.

"Bladene ligner litt på forvokste løvetannblader og er så stinne av plantesaft at det knaker når man brekker dem av", skriv han. Ein fordel med denne typen er dessutan at sniglane er mindre begeistra for han enn for meir moderne sortar med tynnare og mildare blad.

Salat skal vekse jamt for å få god smak og blir beisk viss jorda er tørr. Sørg derfor for å vatne regelmessig.

Sjølv om Utengen har fått smaken på ein eteleg hage, er ikkje alt like interessant.

– Eg held meg unna hovudsalat. Det tar lang tid, og når han har vakse ferdig, er jo moroa over, seier ho.

Til toppen