Aurland: Det måtte bilberging til i Lærdalstunnelen søndag kveld då ein bil vart ståande med naudblinken på i feil køyrefelt.
Bilen stod om lag 1 kilometer inn i tunnelen frå Aurland-sida, melder politiet på Twitter.
Dette var i 21.00-tida, og omtrent ein time seinare vart bilen fjerna frå tunnelen.