Luster: – Alt for musikken veit du, seier Joar Fossøy frå Gaupne i Luster.
Førre torsdag braut han vetlefingeren på fotballtrening med Bjørn. Neste dag var han til Lærdal for å få gips. Ikkje så praktisk når du er ein aktiv trommis. Same helga skulle Fossøy nemleg spela skarptromme i korpset under lustradagane.
Det gjekk greit med handa, det var verre med gipsen.
– Den knakk, fortel Fossøy, som merka det då gipsen vart heilt laus.

Fekk ny trommevenleg gips
Måndagen etter var det tilbake til Lærdal sjukehus for å få ny gips. Denne gongen bad trommisen om å få ein som tolte litt meir. Han spurte òg om det ville gå greit å spela.
– Legen svarte at det kanskje ikkje var heilt ideelt, seier Fossøy.
Ny gips fekk han, som både er mindre og skal tola meir. Likevel er det eit visst handikap at berre to fingrar er frie til å halda trommestikka, nemleg peikefingeren og tommelen. Enno verre er det at han knapt kan røra på handleddet.
– Teknikken blir litt anleis. Men alt går, seier Fossøy.
Maratonsett med to fingrar
Når me ringjer ventar han på at bandet han spelar i, Ivory, skal rigga seg klare til konsert på Pyramiden i Gaupne seinare på kvelden.
– Eg får vel ikkje bera så tungt, men trommesettet skal eg setta opp sjølv, seier Fossøy.
Det er ikkje noko minikonsert det er snakk om heller. Bandet køyrer tre sett med pausar i mellom. Konserten startar halv elleve og er ikkje ferdig før to på natta.
Det blir ein tøff test for dei to fingrane han har til rådvelde.
– Eg reknar med det skal gå på eit vis, seier Fossøy.