Måtte setja på plass skilta dei hadde flytt på
(Foto: Illustrasjon)

Måtte setja på plass skilta dei hadde flytt på

Tre unge menn måtte gjera opp for skøyerstreken. 

Sogndal: Det har vore ei forholdsvis roleg natt for politiet inst i Sognefjorden med eit par meldingar frå Sogndal som dei einaste hendingane som har fått plass i loggen.

Der skriv politiet at tre unge menn fekk pålegg om å setja på plass gjerde og skilt som dei hadde flytt på. 

I tillegg vart ein mann send til sjukehus etter at han kutta seg på ei knust vindaugsrute inn til eit forretningsbygg i sentrum.

Til toppen